Hopp til innhald

Fagstoff

Lastberarar til transport av last

Alle lastberarar skal vere godkjende og kontrollerte før bruk. Når du skal sjekke lastberarar, må du sjå etter sentrale ting som kan bidra til at dei ikkje er godkjende.
Lukka og open konteinar og ein transporttank. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Lastberarar er utstyr som blir brukt til å flytte ei last frå ein stad til ein annan. Det kan vere open og lukka konteinar, transporttank, lasteplan eller liknande. Alle typar lastberarar skal vere godkjende og riktig merkte.

Val av lastberar

Her omtaler vi i hovudsak utstyr som skal frakte gods til og frå installasjonar offshore. Krava finn vi i Norsk olje og gass si retningslinje 116, og dei dekkjer all type transport på veg, bane, sjø eller i lufta.

Når du skal velje lastberar, er det viktig å sjå på kva som skal fraktast, kva behov vara har for vern, og kor stor og tung ho er.

Mat, drikke, tøy og liknande bør fraktast i ein lukka konteinar. Kjemikaliar blir frakta i transporttank, og lange røyrkomponentar som skal inn i brønnen, blir frakta i opne konteinarar (basket).

Det er òg eigne reglar for transport av gassflasker.

Beste praksis for val av lastberar

Brukarkontroll av lastberar

Før du kan ta ein lastberar i bruk, skal du utføre ein brukarkontroll. Då kan du bruke Norsk olje og gass sitt skjema for brukarkontroll av lastberarar. Kontrollen skal utførast kvar gong ein lastberar blir teken i bruk.

Brukerkontrollskjema 2018

Du skal òg sjekke merkebrikka på løfteskrevet på lastberaren og kontrollere at det ikkje er skadar i kjettingen, løftelykkjer og sjaklar. Det skal vere splintar i sjaklane.

Beste praksis for brukarkontroll

Årleg kontroll

Det skal gjennomførast ein årleg kontroll av lastberarar som skal sendast offshore. Det er eigar som er ansvarleg for å få gjennomført denne. Dei som leiger utstyret, skal sende det til eigaren slik at eigaren får gjennomført den årlege kontrollen i tide. Den årlege kontrollen skal fange opp om det er svekkingar i konstruksjonen eller løftepunkta i lastberaren. Krava til ein lastberar for offshore-transport er beskrivne i DNV 2.7.1 og NS-EN 12079.

Lastberarar kan ikkje sendast offshore dersom det er mindre enn 30 dagar til neste årlege kontroll.

Dersom ein lastberar som står offshore er gått ut på årleg kontrolldato, skal han kontrollerast av ein godkjend kontrollør med kompetanse i samsvar med retningslinje 116. Kontrolløren skal

  • notere i manifest at lastberaren er gått ut på årleg kontrolldato

  • hengje utfylt karantenelapp på utsida av lastberar

  • sende lastberaren tom i land

Utvendig merking

Ein lastberar skal vere merkt med ei sertifikatplate som er godt synleg. Plata skal vere merkt med siste kontrolldato.

I tillegg skal lastberaren vere merkt med ein fargekode som viser når han sist vart kontrollert. Fargekodane blir gjentekne kvart femte år.

Fargekodesystem for merking av årleg godkjenning. 2018 og 2022 er gule. 2019 og 2023 er grøne. 2020 og 2024 er blå. 2021 og 2025 er raude. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Norsk olje og gass.
Sist fagleg oppdatert 11.05.2021

Læringsressursar

Kontroll, pakking og trygging av gods