Hopp til innhald
Simulering

Viktig å vite når du køyrer truck

Her skal du lære meir om svingpunktet og svingradiusen til trucken og om riktig plassering når du køyrer. Du får sjå døme på både riktig og feil bruk. Filmen er spelt inn i simulator.
Video: Tenstar Simulation AB / CC BY-NC 4.0

Køyring med motvektstruck er litt som å rygge eller lukeparkere med ein bil eller ein traktor. Du har drivhjula fremst og styrehjula bakarst. Spesielt er det nærliggjande å samanlikne med traktor, då begge har senteropphengd styreaksling. Ein får då trekanta understøtteflate, som du kanskje har lært om. Det ser du i filmen òg.

Svingpunkt og overheng er viktig å tenkje på når vi skal manøvrere med trucken på tronge stader. Svingpunktet reknar vi i senter på drivhjulet (framhjulet) på den sida vi skal svinge til. Skal vi svinge til høgre, blir svingpunktet i høgre framhjul, og det blir motsett om vi skal til venstre.

Svingutslaget kan vi kalle den plassen trucken bruker for snu seg rundt igjennom svingen. I og med at styrehjula er bak, svingar heile bakenden på trucken. Dermed er det slik at skal du svinge til høgre, vil "rumpa" på trucken svinge ut mot venstre. Det er viktig at ein har plass til bakenden trucken når ein svingar.

På grunn av dette er det viktig at ein prøver å leggje hjulet med svingpunktet ganske nært hindringa ein skal rundt, slik at ein får plass til "rumpa" på motsett side. Snu deg alltid og sjå at bakenden ikkje støyter borti hindringar når du svingar. Hugs: Observer alle rørsler.

Ved manøvrering i til dømes ei løype som på filmen, bør du planleggje neste hinder mens du er i hinderet før. Det kan vere lurt å prøve å svinge minst mogleg. På same måte som ein alpinist vil prøve å kome rettast mogleg på portane, er det lurt å ha minst mogleg sving og svingutslag på trucken for å kome effektivt rundt hindringane.


Så hugs på

  • svingpunkt

  • svingutslag

  • å observere alle rørsler