Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Øving: Sjekk lastberarar før bruk

I denne øvinga skal du gjennomføre kontroll av lastberarar før bruk.
Lukka og open konteinar og ein transporttank. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Teori

Instruktøren går gjennom

  • krav til lastberarar

  • reglane for brukarkontroll og bruk av sjekkliste

Førebuing

Arbeidsoppdrag

  1. Vurder om det er behov for ein sikker jobb-analyse.

  2. Gjennomfør kontroll av personleg verneutstyr.

  3. Vel dei riktige lastberarane, og gjennomfør ein brukarkontroll.

  4. Rydd området.

Evaluering

Gjennomgang av øvinga saman med instruktøren i klassen:

  • Korleis var statusen på personleg verneutstyr før kontrollen?

  • Sjekka og varsla du kollegaene dine?

  • Hadde du med dei riktige dokumenta?

  • Korleis gjekk brukarkontrollen?

  • Kva lærte du i brukarkontrollen?


Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Sissel Paaske.
Sist fagleg oppdatert 18.05.2021

Læringsressursar

Kontroll, pakking og trygging av gods