Hopp til innhald

Fagstoff

Prising av partigods

Her lærer du korleis transportørar prisar partigods. Partigods er gods som går direkte frå avsendaren til mottakaren utan terminalbehandling. Slikt gods er ofte palletert. Kvar pall tek opp ein del av plassen av det totale transportvolumet i konteinaren.
Forenkla illustrasjon av ein konteinar med rette kantar, altså eit rett prisme. Lengda er 13,6 lastemeter. Det er også skrive på at volumet er 75 kubikkmeter, og at lasteevna er 25 tonn.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Nemningar og mål

For transportøren er det viktig å få betalt for heile transportvolumet. Vi kan angi volumet i kubikkmeter og berekne ein frakt i samsvar med det. Vi kan òg bruke omgrepet lastemeter og berekne frakt etter kor mange lastemeter godset tek opp av plassen.

Dei fleste bruker i dag semitrailerar. Ein semitrailer har ei innvendig lastelengde på 13,6 m (det vil seie 13,6 lastemeter) og ei innvendig breidde på 2,4 m, mens den innvendige høgda kan variere frå 2,3 til 3,0 m.

Vekt per lastemeter

Vi tek utgangspunkt i ein semitrailer med følgande innvendige mål: 13,6 m lengde, 2,4 m breidde og 2,3 m høgde.

Forenkla illustrasjon av ein konteinar med breidde 13,6 meter, høgde 2,3 meter og breidde 2,4 meter.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det totale lastevolumet blir

13,6 m·2,3 m·2,4 m=75,072 m3

Samla lastekapasitet kan til dømes vere gitt opp til 25 tonn i vognkortet. Vi fordeler dei 25 tonna på 75 m3:

25 tonn75 m3=0,333 tonnm3=333 kgm3

Då får vi at 1 m3 lastevolum svarer til 333 kg, som er eit vanleg brukt fraktberekningsmål for lettgods.

I staden for å rekne om frå volum til fraktberekningsvekt kunne vi ha rekna om frå lastemeter til fraktberekningsvekt. Då får vi

1,0 m·2,4 m·2,3 m=5,52 m3

Éin lastemeter tek altså opp eit volum på 5,52 m3.

Når eit lastevolum på 1 m3 veg 333 kg, vil eit lastevolum på 5,52 m3, som svarer til 1 lastemeter, vege

333 kg·5,52=1 838 kg

I praksis bruker transportørane fraktberekningsvekter på 1 850 kg per lastemeter for europatrafikken sin med semitrailerar og 2 000 kg for Norden-transportar (vogntog).

Fraktberekningsvekt per pallplass

No kan vi berekne fraktberekningsvekt per pallplass. Ein vanleg europall har ytre mål på 1,2 m x 0,8 m. Desse kan vi laste anten tre ved sida av kvarandre eller to i breidda. Vi får då tre pallar på 1,2 lastemeter eller to pallar på 0,8 lastemeter. Gjennomsnittleg tek då kvar pall opp 0,4 lastemeter.

Fraktberekningsvekt for ein pall som skal fraktast i Norden, der det blir berekna 2 000 kg per lastemeter, blir då

2 000 kglastemeter·0,4 lastemeter=800 kg

Til Europa elles, der vi skal berekne 1 850 kg per lastemeter, blir fraktberekningsvekta

1 850 kglastemeter·0,4 lastemeter=740 kg

CC BY-SASkrive av Gunnar Ottesen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 30.05.2022

Læringsressursar

Økonomiske kalkylar og prisutrekningar