Hopp til innhald

Fagstoff

Prising av samlastgods for næringslivskundar

Her lærer du at næringslivskundar med store transportvolum forhandlar seg fram til ein avtalepris.
Container og truck på havnelager.foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Samlastgods er gods som blir terminalbehandla. Mange avsendarar leverer pakkene sine til innhentingsbilar eller direkte til ein samlastterminal. Terminalen sorterer så alt godset som skal til same mottakarsone, i ein og same konteinar.

Næringslivskundar har ofte behov for å sende store kvantum med samlastgods. Då blir det rimelegare å få frakta godset til terminalane. Dessutan får samlastspeditørane auka fyllingsgraden i konteinarane.

Fyllingsgraden fortel kor godt vi utnyttar volumet i ein konteinar.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Auka fyllingsgrad fører til lågare einingskostnader per kilo gods som blir transportert. Næringslivskundar med store transportvolum veit dette og forhandlar med samlastspeditørane om prisen. Under forhandlingane kan dei anten oppnå ein fast pris per tonn for gods dei sender innanfor og mellom dei ulike fraktsonene, eller dei kan få ein rabatt på gjeldande fraktregulativ.

Samlastspeditørane tilbyd transporttenester i ulike kvalitetsklassar. Kvar kvalitetsklasse eller spesialteneste får ofte si eiga marknadsnemning, med rabattsatsar eller prispåslag jamført med standardfraktene. Til dømes kan ein transportkjøpar som vel eit transportprodukt med tidsgaranti, måtte betale eit fraktpåslag på 50 prosent.

CC BY-SASkrive av Gunnar Ottesen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 29.04.2022

Læringsressursar

Økonomiske kalkylar og prisutrekningar