Hopp til innhald

Fagstoff

Prising av persontransport

For kvar reise ein kollektivtrafikant gjer, kjøper han eller ho eit transportoppdrag. Her lærer du korleis transportselskapa prisset kollektivtransport.
Buss i retning Otta ved haldeplass i eit fjellområde. Passasjerane utanfor bussen har turutstyr. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Transportavtalar

Kvar gong ein trafikant stig på eit kollektivtransportmiddel, inngår trafikanten ein transportavtale med transportselskapet. Mot ein pris tek transportselskapet på seg å transportere trafikanten frå A til B.

Sidan det er umogeleg å inngå enkeltavtalar med kvar trafikant, opprettar transportbedrifta masseavtalar med trafikantane. Transportavtalane er dels dokumenterte ved billettane til passasjerane, dels ved transportvilkåra. Desse kan trafikantane få utleverte om dei ber om det. Tidlegare blei transportvilkår kalla transportvedtekter. Nokre få bruker framleis dette omgrepet.

Billettprisar

Kollektivselskapa prisset masseavtalane sine ved hjelp av transportregulativ. Utgangspunktet for regulativprisane er prisen for ein enkelbillett for vaksne. Fram til 1984 blei prisane fastsette av staten. I dag har fylkeskommunane dette ansvaret.

Opphavleg prisfastsetting

Opphavleg var billettprisen fastsett som ein minstepris pluss eit takstøre multiplisert med reiseavstanden i kilometer.

Utgangspunktet var at vi hadde ein fast minstetakst for reiser inntil 6 km. Deretter steig prisen for kvar ny takstsone med eit takstøre multiplisert med sonelengda. Om takstøret var 1,50 kr per km og sonelengda 3 km, steig prisen med 4,50 kr for kvar ny sone vi reiste.

Nyare typar prisfastsetting

I dag er sonelengdene forandra. Nokre byar har innført einingssonetakst. Det betyr at vi kan reise så langt vi vil til same pris innanfor einingstakstsona. Andre har innført sonetakstar med varierande sonelengder. Det finst derfor inga enkel oppskrift for prising av kollektivreiser. Kvart fylke har sitt system.

Rabattordningar

Regulativa omfattar også rabatterte billettar for ulike trafikantgrupper som til dømes barn, skuleelevar, pensjonistar og militære i uniform. Prisen på ein enkeltbillett for vaksen er utgangspunktet for utrekninga av dei rabatterte billettprisane.

Ein passasjer betaler elektronisk på bussen. Foto.

Nokre transportselskap sel dagsbillettar, vekebillettar, månadskort, halvårsskort og årskort. Andre sel tolv reiser til prisen av ti. Fleirreiserabatt kan givast når passasjerane førehandsbetalar billettane sine. I tillegg inneheld regulativa ofte grupperabattar – om fleire reiser saman, får dei rabatt.

Det finst altså mange ulike prisregulativ for kollektivtransport.

CC BY-SASkrive av Gunnar Ottesen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 30.05.2022

Læringsressursar

Økonomiske kalkylar og prisutrekningar