Hopp til innhald

Fagstoff

Kostnader gjennom køyrestil

Her lærer du at du kan påverke drivstofforbruket kraftig på tunge køyretøy gjennom økonomisk køyrestil.
Ein sjåfør ved rattet. Han køyrer langs en fjord. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Drivstoffkostnader

Drivstoffkostnadene inngår som ein variabel kostnad både ved sjølvkostkalkylar og bidragskalkylar. For at vi skal kunne konkurrere, er det derfor viktig at vi held desse kostnadene så låge som mogleg. Det gjer vi både ved at vi sørger for godt førebyggande vedlikehald, gjennom at vi planlegg oppdraga godt, og ved at vi heile tida held ein drivstofføkonomisk køyrestil.

Fleire forsøk har vist at ein sjåfør lett kan redusere drivstofforbruket med 20 prosent ved å planlegge oppdraga og køyre drivstofføkonomisk.

Økonomisk køyrestil

Køyretøyprodusentane deltek også i arbeidet med å få til meir drivstofføkonomisk køyring. Volvo har til dømes eit system basert på å hugse tidlegare køyrestrekningar. Resultatet blir blant anna at køyretøyet automatisk

  • akselererer før stigning i bakkar
  • vel riktig gir inn i ein bakke slik at nedgiring ikkje blir nødvendig
  • unngår å akselerere nær toppen av ein bakke, men ventar heller på å utnytte tyngdekrafta til å trille ned
  • koplar inn eit gir for å bremse i nedoverbakke
  • koplar giret i fri når ein bakke flatar ut, for å utnytte gravitasjonskrafta best mogleg

Sjølvsagt kan sjåføren til kvar tid overstyre elektronikken manuelt, men med ei slik planlagd elektronisk styring reknar ein med at ein kan redusere drivstoff-forbruket med fem prosent.

I tillegg kan vi sjølve bidra til enda meir drivstoffreduksjon gjennom måten vi køyrer på.

CC BY-SASkrive av Gunnar Ottesen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 21.06.2023

Læringsressursar

Økonomiske kalkylar og prisutrekningar