Prising av heil konteinar
Transportkjøparar som kjøper konteinartransportar, legg beslag på heile transportkapasiteten til transportøren for kvart enkelt oppdrag. Då kan ikkje transportøren fordele kostnadene på mange transportkjøparar. For å prissetje eit konteinaroppdrag må transportøren kalkulere kostnadene sine. Dette kan gjerast ved hjelp av ein sjølvkostkalkyle. Då reknar vi ut summen av faste og variable kostnader og legg til ei forteneste.
Faste kostnader (lønn og sosiale kostnader, forsikring, årsavgift, vektårsavgift, renter og avdrag, avskrivingar) | |
+ | Variable kostnader (diesel, gummi, olje, service) |
+ | Forteneste |
= | Pris |
Tabell: Sjølvkostkalkyle
Faste kostnader er kostnader som transportøren ikkje kan kvitte seg med på kort sikt. Døme er kostnader til bygningar, maskiner, forsikringar og lønn til tilsette. Variable kostnader er kostnader som kjem i tillegg for kvart oppdrag eit transportselskap tek på seg, til dømes drivstoffutgifter, dekkslitasje, vedlikehaldsutgifter og utgifter til reingjering med meir. Her er det viktig å få med alle konstnadskomponentane. I tillegg kan det vere slik at eit enkeltoppdrag medfører særkostnader (ferje-, bru- eller bompengar).
For å kunne kalkulere eit oppdrag må vi rekne ut kostnadene per kilometer. Når vi kjenner lengda av eit nytt oppdrag, treng vi berre å multiplisere kilometerkostnaden med lengda i kilometer. Vi seier at vi ønskjer å finn faste og variable einingskostnader. Faste einingskostnader finn vi ved å ta faste årlege kostnader og dele på årleg utkøyrd distanse per bil.
Dømet nedanfor viser at årleg utkøyrd distanse per bil verkar inn på dei faste einingskostnadene sterkt. For å få ein riktig kalkyle må vi derfor anslå årleg utkøyrd distanse per bil så godt det lèt seg gjere. Elles kan kalkylen vår bli feil.
Sum faste kostnader per år (kr) | Årleg køyrelengd per bil (km) | Faste einingskostnader per bil (kr) |
---|---|---|
900 000 | 20 000 | 45,00 |
900 000 | 40 000 | 22,50 |
900 000 | 60 000 | 15,00 |
900 000 | 80 000 | 11,25 |
900 000 | 100 000 | 9,00 |
Tabell: Faste einingskostnader som funksjon av årleg utkøyrd distanse
Variable einingskostnader må transportørane rekne seg fram til ved hjelp av sine eigne rekneskapstal – drivstoffkostnader per kilometer er til dømes avhengig av motorkraft.