Hopp til innhald

Fagstoff

Korleis blir trea i skogen til ferdig malt panel?

Det kan du sjå her ved å følgje flyten i produksjonen hos ein trevareprodusent.
Foto av industriområdet til ein trelastprodusent.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Trea blir felte, og tømmeret blir frakta via skogsvegar fram til lunneplassar. Ein lunneplass er ein anleggsplass for mellomlagring, handtering og vidaretransport av tømmer. Der blir tømmeret sortert, kappa og lasta på tømmerbilar for vidare transport til trevareprodusenten.

Her følgjer du flyten frå tømmer kjem inn til anlegget, og vidare gjennom sagbruk, høvleri og til slutt overflatebehandling.

Ta ein titt innom dei ulike avdelingane og sjå kva som går føre seg.

Korleis følgje produksjonsflyten?

Ved å følgje tala vil du sjå korleis produksjonslinja går frå tømmer til ferdig malt panel.

Utvid biletet først, slik at det blir enklare å få god oversikt. Så trykkjer du deg inn på tala for å få kort informasjon og ein liten titt inn i avdelingane. Du får høve til å bevege deg rundt i ein 360-gradersvideo på nokre av avdelingane. Bruk musa og dra i videoen for å sjå deg rundt i rommet.



I videoane nedanfor får du fortalt litt meir om kva som går føre seg i dei ulike avdelingane.

1. Tømmerproduksjon
2. Vurdering og oppmåling av tømmeret
3. Saglinja - frå tømmer til plank
4. Tørkeprosessen
5. Justerverk - sortering og kontroll
6. Høvleriet - frå plank til panel
7. Interiøravdelinga - overflatebehandling
8. Lager
9. Lasting og transport

Tømmerproduksjon

Vi har store mengder skog i Noreg, og mange bedrifter som arbeider med produksjon av ulike treprodukt. I videoen under kan du lære om skogbruket, ulike tresortar og kva desse blir brukte til, og korleis vi kan ta vare på skogen på ein berekraftig måte.

Vurdering og oppmåling av tømmeret

Tømmeret som kjem frå skogen, har ulik kvalitet, men korleis går eigentleg kvalitetsvurderinga av tømmeret føre seg? Det vil du sjå i videoen nedanfor, der mengd og kvalitet på tømmeret blir vurdert før vidare foredling.

Saglinja – frå tømmer til plank

For at du som kunde skal kunne få den rette storleiken på materialane du treng, må tømmeret gjennom ein sagprosess. Her blir tømmeret grovkappa til plank, før det eventuelt går vidare i produksjonslinja.

Tørkeprosessen

I tørkeprosessen blir trevirket varma opp over lang tid for å forbetre mange av eigenskapane til materialane. I videoen nedanfor får du sjå korleis denne prosessen går føre seg, og kva som skjer med restane frå produksjonen av trelast.

Justerverk – sortering og kontroll

I justerverket blir dei ferdig saga plankane kappa i rett lengd og sorterte etter kvalitet. Kva plankar kan bli til kva produkt? Dette lærer du om i videoen nedanfor.

Høvleriet – frå plank til panel

For at materialane du kjøper i butikken, skal få rett utforming og eigenskapar, må dei gjennom høvleriet. Det er der dei grove plankane blir til produkt som panel eller listverk.

Interiøravdelinga – overflatebehandling

Nokre kundar ønskjer ferdigmåla materialar når dei skal byggje seg noko nytt. Det kan vere både måling, beising og impregnering av treverket. I interiøravdelinga får du eit innblikk i korleis materialar blir overflatebehandla etter bestilling før dei blir pakka.

Lager

Den ferdigproduserte trelasta blir lagra i store reolar for seinare å bli plukka etter ordre frå byggjevarehus og byggmeistrar.

Lasting og transport

Ordre frå kundar, som til dømes byggjevarehus og byggmeistrar, blir plukka med truck og lasta på store lastebilar for vidare transport.

Foto av at ferdig pakka trelastprodukt blir lasta på lastebil med gaffeltruck
Opne bilete i eit nytt vindauge

Relatert innhald

I dette emnet følger vi prosessen frå treet blir planta i skogen til det blir hogge, omarbeidd i industrien og endar opp som ferdige byggemateriale.

Miljøsertifisert tømmer skal sikre at tømmeret kjem frå miljøvennleg skogbruk. Sertifiseringa består av eit sett standardar.

CC BY-SASkrive av Mette Broen og Marius Weum Stick.
Sist fagleg oppdatert 26.04.2022

Læringsressursar

Verdikjede og vareflyt