Hopp til innhald

Fagstoff

Miljøsertifisering av tømmer

Miljøsertifisert tømmer skal sikre at tømmeret kjem frå miljøvennleg skogbruk. Sertifiseringa består av eit sett standardar eller krav som skogbruket skal følge når skogen blir stelt og hoggen.

I filmen er det vist døme på korleis det blir teke omsyn til det ved skogsdrift. Dette er blant krava som er sette for at skogen skal kunne miljøsertifiserast. Krava skal sikre at skogen blir driven på ein måte.

Miljøverdiar i skogen er kartlagde, og område som det skal takast omsyn til under hogsten, er lagde inn i planane. I filmen ser vi korleis dette blir gjennomført i praksis.

Omgrep frå filmen

Livsmiljø: eit miljø, stad eller område ein art lever i eller er avhengig av. Det er ein levestad eller ein ressurs for ein eller fleire artar.

Nøkkelbiotop: eit område som er viktig for bevaring av det biologiske mangfaldet, fordi det inneheld naturtypar eller plante- og dyreartar som er sjeldne. Nøkkelbiotopen kan vere leveområde for ein eller fleire artar.

Skogbruksplan: oversikt over skogressursar og miljøverdiar på ein skogeigedom. Ein slik plan består av kart og data om skogen på eigedommen.

Miljøregistreringar: kartlegging av miljøverdiar i skog.

Miljøfigur (MIS-figur): område i skogen som er viktige nøkkelbiotopar eller livsmiljø. Slike område er merkte av på skogbruksplanen.

Rik bakkevegetasjon: eit område der det veks artar som er avhengige av næringsrik jord. Rik bakkevegetasjon er eit døme på eit livsmiljø som blir registrert som MIS-figur.

Sertifisert skog: skog som blir drifta på ein slik måte at han oppfyller ein del fastsette miljøkrav.

Miljøavtale: ein avtale skogeigaren skriv under på og dermed forpliktar seg til å følgje skogstandardane og retningslinjer for eit berekraftig skogbruk.

Arbeidsoppgåver

Jobb gjerne saman i grupper med desse oppgåvene.

  1. Kva miljøtiltak blir nemnde i filmen?

  2. Diskuter: Er det nødvendig med sertifisering av skog?

  3. Kva krav meiner du det er viktig å stille til korleis tømmeret er produsert?

  4. Finn ut meir: I Noreg finst det to sertifiseringsordningar: PEFC, som er den største, og FSC. Bruk nettsida til den eine eller begge sertifiseringsordningane og finn døme på miljøkrav som blir stilte for at tømmeret skal bli miljøsertifisert.

  5. Viss du skal kjøpe trelast, vil du då spørje om det kjem frå sertifisert skogbruk? Er du villig til å betale meir for trelast viss du veit at det kjem frå sertifisert skogbruk? Grunngi svaret.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Ragnhild Kjeldsen.
Sist fagleg oppdatert 29.11.2021

Læringsressursar

Frå skog til trelast