Skogbruk: produksjon av tømmer
Vi har gjennom historia brukt tre til til dømes byggemateriale, reiskap og brensel. Trevirke er fornybart og miljøvennleg. Bruk av tre har fått meir og meir merksemd i seinare tid. Sidan karbon blir bunde i treet, er skog og bruk av trevirke viktig i samanheng med klima. Du kan lese meir om dette i boksen under.
I Noreg har vi mykje skog og god tilgang på tømmer som blir foredla til byggemateriale. I filmen ser vi korleis skogeigaren plantar tre, steller skogen og korleis trea til slutt blir hogne og køyrde til sagbruket. Skogbruk er ei langsiktig næring fordi det tek mellom 70 og 100 år for eit tre å vekse seg stort. Ulike treslag har ulike eigenskapar, og filmen viser dei tre vanlegaste treslaga i Noreg: gran, furu og bjørk.
Finn ut meir om tre og bruk av tre. Jobb gjerne saman i grupper med desse oppgåvene.
Trevirke frå ulike treslag kan ha ulike bruksområde. Finn døme på dette, og forklar kvifor det er slik.
I filmen blir gran, furu og bjørk nemnde. Finn døme på bruk av andre treslag.
I Noreg har vi lange tradisjonar for å bruke tre som materiale. Gi døme på nokre gamle og nye byggverk i tre som du kjenner til.
I filmen blir det sagt at tre er berekraftige materiale. Kva betyr det at noko er berekraftig?
Finn fordelar og ulemper ved bruk av tre som byggemateriale.
Statistisk sentralbyrå. (u. å.). Fakta om skogbruk. Henta 29. november 2021 frå https://www.ssb.no/jord-skog-jakt-og-fiskeri/faktaside/skogbruk.
Relatert innhald
Veit du kva som finst mellom borken og veden? Prøv deg på denne oppgåva om korleis trestammen er bygd opp.
Miljøsertifisert tømmer skal sikre at tømmeret kjem frå miljøvennleg skogbruk. Sertifiseringa består av eit sett standardar.