Hopp til innhald
Fagartikkel

Trelastproduksjon: saging, tørking og justering

Etter at tømmeret er teke imot på sagbruket og oppgjersmålt, startar arbeidet med å gjere om tømmer til ferdig trelast. I denne artikkelen lærer du om korleis tømmeret blir barka og saga, og vidare korleis trelasten blir tørka og justert.
Video: Jarle Sten Olsen, Tom Knudsen / CC BY-ND 4.0

Saglinja – saging og sortering

Barking

Tømmeret blir køyrt gjennom ei barkemaskin som fjernar borken på tømmeret. Då blir det kalla barka tømmer. Deretter blir tømmeret sortert i ulike lommer før det blir køyrt vidare til saging.

Saging

Etter barkinga skal tømmeret sagast. Då blir kvar stokk delt på langs i ulike storleikar. I videoen over består maskineriet av tre ulike sager med fleire sensorar, som saman med eit dataprogram finn ut korleis stokken bør sagast for å få utnytta materialet best mogleg.

Sortering

Dei ferdig saga plankane blir kappa i rett lengd og sortert ut frå kva dimensjon dei har. Kvar dimensjon har si eiga lomme, som plankane blir sleppte ned i. Når lomma er full, blir ho køyrd ut og pakka før ho går vidare til tørking.

Tørkeprosessen

Etter at den uhøvla trelasten har vore gjennom barkemaskina og saglinja, er det klart for tørking og ein ny runde med sortering.

Video: Jarle Sten Olsen, Tom Knudsen / CC BY-ND 4.0

Vi tørkar trelasten for å forbetre eigenskapane til materialet. Materialet blir til dømes lettare og sterkare, får betre feste for overflatebehandling og blir lettare å arbeide med.

I tørkekammeret er det mellom 70 og 80 gradar. Når trevirket blir varma opp, forsvinn vatnet. Då krympar trevirket og blir hardare. Skjer det for raskt, er det fare for at byggemateriala sprekk opp, og dette vil gå ut over kvaliteten på produktet. Derfor er det viktig at tørkeprosessen skjer over lang tid – mellom tre og fem dagar – så trefibrane får tid til å utvide seg sakte.

Restprodukt

Det er berre 55 prosent av tømmeret som kan brukast direkte som byggemateriale, men så godt som heile tømmerstokken blir utnytta på ein eller annan måte. Det blir til dømes fyrt med restprodukt som bork og flis for å halde fyringsanlegget for tørkeprosessen i gang. Dette blir kalla l.

Restprodukta frå trevareproduksjonen har stor verdi og kan brukast til produksjon av sponplater, i papirindustri og metallurgisk industri og som strø og hagebork.

Justerverket – sortering av trelast

Video: Jarle Sten Olsen, Tom Knudsen / CC BY-ND 4.0

Kvalitetssortering

I justerverket blir plankane kappa i rett lengde og sorterte ut frå kvalitet. Kvar enkelt planke blir kontrollert av ulike kamera som sjekkar fiberstrukturen i treverket og måler alle fire sider. Dette er viktig for å avgjere kva planken kan brukast til.

Fiberstrukturen til treet

Fiberstrukturen er samansetninga av dei trådliknande cellene i trevirket, og han er med på å avgjere om trevirket er hardt eller mjukt, stivt eller bøyeleg.

Ulike tresortar, som furu og gran, blir brukte til ulike typar byggemateriale. Det er nettopp fiberstrukturen som gjer at nokre av tresortane eignar seg betre til ein type byggemateriale enn andre. Til konstruksjonsvirke, som gjerne blir brukt til berande konstruksjonar, er dei viktigaste eigenskapane styrke og stivleik.

Arbeid på linja

Skal du gjere arbeid på linja i justerverket, må maskineriet stoppast, og du må følge ein HMS-protokoll. Ein HMS-protokoll er eit dokument som fortel deg nøyaktig korleis du skal utføre ein arbeidsoperasjon for å vareta tryggleiken til både deg sjølv og andre.

Relatert innhald

Fagstoff
Oppgjersmåling

Når tømmeret kjem til industrien, blir det innmålt. Skogeigaren får betalt for volumet og etter kvaliteten på tømmeret.

Fagstoff
Utforsk sagbruket

Her kan du utforske dei ulike arbeidsoperasjonane på eit sagbruk frå tømmeret blir motteke til ferdig trelast blir lasta opp for transport til kunden.