Hopp til innhald

Fagstoff

Oppgjersmåling

Når tømmeret kjem til sagbruket eller treforedlingsindustrien, blir det målt og kvalitetsvurdert. Norsk virkesmåling er ein organisasjon eigd av seljarar og kjøparar av tømmer, og dei skal sikre ei nøytral innmåling av tømmeret. Skogeigaren får betalt for volumet og etter kvaliteten på tømmeret.

I filmen ser vi korleis tømmeret blir målt med automatmåling. Det er vanleg å måle på denne måten. Lengde og diameter blir målt automatisk med ei måleramme, mens den tilsette tømmermålaren angir kvalitet og borktjukn. Med denne metoden blir stokk for stokk vurdert.

Med andre målemetodar kan volumet av heile lasset på tømmerbilen bli målt mens tømmeret ligg på lastebilen. Desse metodane blir brukte på der vi vil vite tømmervolumet, og vi ikkje skal anslå kvaliteten på den enkelte stokken. Massevirke blir levert til industri som lagar til dømes trefiberplater eller papir.

Oppgåve 1. Kor mykje er eit lastebillass med tømmer verdt?

For å løyse oppgåva treng du aktuelle tømmerprisar. Spør ein lokal tømmerkjøpar eller bruk nettsida til Landbruksdirektoratet med statistikk over tømmerpris.

  1. Ein tømmerbil med hengjar er lasta med 45 m3 sagtømmer. Kor mykje vil skogeigaren få betalt for dette lasset?

  2. Kor mykje vil skogeigaren få betalt for tømmeret på bilen viss lasset består av massevirke?

Utrekningstips

Tømmerpris multipliserer du med volumet på 45 m3.

Oppgåve 2. Omgrep om tømmer og tømmermåling

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Ragnhild Kjeldsen.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2022

Læringsressursar

Frå skog til trelast