Hopp til innhald
Fagartikkel

Trelastproduksjon: høvling og overflatebehandling

I denne artikkelen lærer du om korleis ferdig sortert plank blir høvla til ulike produkt i høvleriet. Mykje av den ferdige trelasten går òg vidare til overflatebehandling.

Høvleriet

Video: Jarle Sten Olsen, Tom Knudsen / CC BY-ND 4.0

Høvling

Etter at planken er sortert i justerverket, blir mesteparten køyrd vidare til høvleriet. Å høvle betyr å justere tjukna på trevirket. I høvleriet får dei uferdige plankane si endelege form, til dømes panel eller listverk. Høvlinga skjer automatisk ut frå kva resultat ein ønsker.

Kvalitetssortering

Etter høvlinga blir dei ferdige produkta kvalitetssikra og sorterte i ulike lommer. Kvalitetssorteringa kan gjerast manuelt eller ved hjelp av maskiner. Skadar eller andre uønskte kvalitetar, som sprekkar og store kvister, blir kappa bort.

Overflatebehandling

Video: Jarle Sten Olsen, Tom Knudsen / CC BY-ND 4.0

Når produkta er ferdig høvla, blir noko sendt vidare til overflatebehandling. Det finst fleire former for overflatebehandling av trelast. Vi kan skilje mellom måling, beising og impregnering:

  • Måling dannar ei vernande hinne på overflata av treverket. Det blir brukt fargepigment som skjuler strukturen i treverket. Hos trelastprodusenten blir måling mykje brukt på listverk og panel.

  • Beis trekker inn i treverket utan at overflata blir endra. Det blir brukt lite fargepigment, så strukturen på treverket skin gjennom.

  • Ved impregnering av trelast blir det brukt ulike middel for å verne mot sopp, ròte og insektangrep. Midla trekker langt inn i trevirket, som får ei tydeleg grøn overflate. Impregnering blir brukt på trelast som skal tole å stå ute i vêr og vind.

I overflatebehandlingsanlegget skal produktet gjennom fleire prosessar for å få rett resultat. Det blir pussa, grunna og slipt på nytt for å fjerne fiberreisningar. Fiberreisningar er trefiber som reiser seg som små hår når treverket blir pussa. Desse fibrane vil late etter seg ei ru overflate viss dei ikkje blir fjerna.

Frå panelet eller listverket blir lagt i maskineriet til det er ferdig behandla og tørka, tek det cirka ti minutt. Herfrå går det til ein manuell kvalitetskontroll før det blir pakka for sal.

Relatert innhald

Fagstoff
Utforsk sagbruket

Her kan du utforske dei ulike arbeidsoperasjonane på eit sagbruk frå tømmeret blir motteke til ferdig trelast blir lasta opp for transport til kunden.