Hopp til innhald

Karbonkrinsløpet – ei oversikt

Karbonatom blir resirkulerte heile tida. Sambindingar som karbondioksid, druesukker, kalkskalet til korallar, metan og olje er bundne saman i eit evig krinsløp. Det som skjer éin stad i krinsløpet, påverkar situasjonen ein annan stad.

Figuren viser ein modell av korleis karbon deltek i mange prosessar og inngår i ulike sambindingar på jorda. Her ser du korleis desse prosessane er knytte saman.

Under bilettekstane ligg det fagstoff, filmar og forsøk slik at du kan undersøkje nærare kva karbonet betyr for livet på jorda.

Kjelde

Landbruk.no. (2017, 2. november). Slik påvirker fôret klimagassutslippene. Henta 1. april 2020 frå https://www.landbruk.no/biookonomi/pavirker-for-kua-spiser-metanutslipp/

CC BY-SA 4.0Skrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 14.10.2019