Hopp til innhald

Fagstoff

Vareflyt for ei industribedrift

Her lærer du korleis industribedrifter kjøper inn råvarer og lagar dei om til nye produkt.. Industribedrifter kjøper råvarer frå primærnæringane og halvfabrikat frå andre industribedrifter. Deretter gjer dei om råvarene og halvfabrikata til ulike ferdigprodukt.
Vising av at industribedrifter får innsatsfaktorane sine frå primærnæringane og gjenvinningsindustrien, og at dei formidlar ferdigvarer til sluttbrukarane via handelsnæringa. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Til dømes kan eit oljeraffineri kjøpe råolje frå ei oljeutvinningsbedrift og omdanne råoljen til plastgranulat, som igjen går inn i produksjonen av ulike plastprodukt.

Eit anna døme er eit meieri som kjøper råmjølk frå bønder, og gjer om mjølka til lettmjølk, fløyte, smør, rømme og andre meieriprodukt, som igjen blir brukte til produksjon av bakarvarer.

Eit tredje døme kan vere eit sagbruk som kjøper tømmer frå ein skogeigar, og gjer om tømmeret til ferdig høvla plank eigna for husbygging.

Ein del industribedrifter driv rein montering. Bilar blir i dag laga ved at spesialiserte komponentfabrikkar produserer delane, medan eigne monteringsfabrikkar set delane saman til ferdige bilar.

Et meieri foredler råmelk de kjøper fra bønder.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Gunnar Ottesen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 10.06.2022

Læringsressursar

Verdikjede og vareflyt