Hopp til innhald

Fagstoff

Vareflyten gjennom ei handelsbedrift

Her lærer du korleis handelsnæringa formidlar varer til sluttbrukarane ved hjelp av grossistlager og butikkar.
Flytskjema for vareflyten i ei grossistbedrift.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vi kan illustrere vareflyten gjennom ei grossistbedrift ved hjelp av eit flytskjema. Eit flytskjema gir rekkjefølgja av dei aktivitetane som ei bedrift må gjennomføre. I tillegg viser det kva kontrollar bedrifta utfører for å hindre at feil forplantar seg.

Vareflyten startar med at verksemda får ein ordre frå ein kunde. I dømet er kundane daglegvarebutikkar.

Etter at handelen er slutt på ein vanleg kvardag, bestiller alle butikkane som soknar til eit regionlager, nye varer frå regionlageret.

Regionlageret får ordrane elektronisk. Datasystemet til regionlageret sorterer butikkordrane i fire delordrar. Frysevarer skal plukkast frå fryselageret, kjølevarer frå kjølelageret, tørrvarer frå lagersona for tørrvarer, og frukt og grønt frå si lagersone.

Plukkarane i dei ulike lagersonene tek ut delordrane sine samtidig og startar plukk. Etter at dei er ferdige med det, går varene til eit samanstillingsområde. Tørrvarer blir emballerte med plastfilm for at dei skal vere stabile under transporten. Varene blir merkte med namnet på butikken og plasserte på eit oppstillingsområde for transport. Etter at alle varene som skal med same køyreruta, er ferdigplukka, blir dei lasta på transportmiddel og køyrde ut til butikkane.

Varer klare til utkjøring fra regionlageret.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Gunnar Ottesen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 19.12.2018

Læringsressursar

Verdikjede og vareflyt