Hopp til innhald
Fagartikkel

Vareflyten gjennom ei industribedrift

Her lærer du korleis bedrifter i dag produserer etter just-in-time-prinsippet. Då forstår du også kvifor bedrifter treng påfyll av innsatsfaktorar til riktig tid.

Just-in-time-prinsippet (JIT) er ikkje eitt enkelt prinsipp, men ein produksjonsmetode som består av mange aktivitetar. Kort fortalt kan vi seie at aktivitetane er styrte for å unngå alle moglege kjelder til sløsing.

Nokre element i JIT-produksjon

Celleproduksjon

Eit fåtal arbeidstakarar samarbeider i arbeidsceller om å produsere éin eller eit fåtal feilfrie komponentar.

Ordrestyrt produksjon

Produksjonen tek først til etter at ein har fått ein ordre.

Døme: Når du bestiller ein ny bil, går det ei melding til fabrikken om kva bil du skal ha. Fabrikken veit kva komponentar bilen din er sett saman av, og sender ordrar til deleprodusentane sine. Kvar deleprodusent produserer komponentane sine og sender dei vidare til montering til avtalt tid – verken før eller seinare.

Arbeidsdeling

På figuren ser vi at celle 1 produserer bilrammer, celle 2 akslingar, celle 3 felgar, celle 4 dekk, celle 5 hytter og celle 6 hytteinnreiing.

Når dekk og felgar er ferdige, monterer celle 7 dei saman til hjul. Tilsvarande monterer celle 8 hytter og hytteinnreiing saman til ferdige hytter.

Synkronisering av arbeidsoppgåver

Synkronisering vil seie at alle må produsere i same takt som samlebandet. Etter kvart som komponentane blir ferdige, går dei til samlebandet, der alt blir montert saman til ein ferdig bil. Alle komponentane må vere feilfrie, og alle komponentane må kome fram til neste steg i kjeda til avtalt tid, elles stoppar heile kjeda opp.

Eliminering av lager

Industribedriftene har i dag ikkje lager av innsatsfaktorar. Dei er avhengige av å få tilført det dei treng, til det tidspunktet då produksjonen er planlagd, elles stoppar det heile opp. Derfor er godstransportørane livsviktige for varekrinsløpet. Stoppar varetilførselen, stoppar produksjonen.