Vareflyt for ein råvareprodusent
Ein produsent av tømmer startar med å avverke tømmerstokkar i skogen om vinteren. Tømmerstokkane blir frakta på skogsvegar fram til lunneplassar, dei blir lasta på store tømmerbilar. Bilane fraktar tømmerstokkane til industrielle vareprodusentar som bruker tømmer som innsatsfaktor.
Døme på bedrifter som kjøper tømmer, er sagbruk og cellulosefabrikkar.
Jordbruksnæringa produserer vegetabilske og animalske produkt (frukt-, grønt- og kjøtprodukt). Jordbruksvarene går til matvareindustribedrifter som produserer mange ulike typar ferdigvarer.
Gruvedrift og oljeutvinning er utvinningsnæringar. Frå gruvedrifta blir det levert malm til metallindustrien, som rikar opp malmen til metall. Råolje blir levert som råstoff til oljeraffineri.
Fiske- og fangstnæringane leverer råvarer til fiske- og kjøtindustribedrifter som tilverkar mange ulike ferdigprodukt av råvarene.