Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Tidene av verbet

Er du klar for ei utfordring om verbtidene på ulike språk?

Del 1: Går det an å teikne tid?

Før de kan gå vidare til del 2 av oppgåva, må de meistre desse fagomgrepa:

  • Infinitiv (Å ete)
  • Presens (No et eg.)
  • Preteritum (Eg åt.)
  • Perfektum (Eg har ete.)
  • Futurum (Eg skal ete.)
  1. Jobb anten ein og ein eller to og to. Ein god måte å øve inn omgrep på er å lage illustrasjonar. No skal de velje dykk eit verb, så skal de teikne verbet i alle dei fem tidene over. Dette er ei skikkeleg utfordring, for går det i det heile an å teikne tid?
  2. Gå saman i større grupper. Vis fram teikningane for kvarandre, utan å seie noko. Dei andre skal prøve å tippe kva verb de har teikna og i kva tid (tempus). Ingen får rett svar før dei har brukt riktig fagomgrep for tid.
  3. Vis gjerne fram dei teikningane gruppa synest fungerer best for resten av klassen. Pass på at de bruker fagomgrepa heile vegen medan de forklarer.

Del 2: Verb og tid på ulike språk

Om du har eit anna morsmål enn norsk, skal du ta utgangspunkt i dette. Har du norsk som morsmål, så vel språket du har valt som framandspråk i skulen. De kan gjerne jobbe i grupper, men då er det viktig at de har valt same språk.

  1. Lag ei oversikt, gjerne eit diagram som viser både likskapar og forskjellar mellom måten språka uttrykkjer tid på. Sjå døme på samanlikning i presens i norsk og engelsk under. Gjer det same med alle verbtidene.
  2. Prøv å fortelje att diagrammet til kvarandre. Hugs å bruke fagomgrep.
CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 31.08.2020

Læringsressursar

Kva er språk?