Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Oppgåver om fleirspråklegheit

Kva er fleirspråklegheit, og kva fordelar og ulemper har unge som snakkar fleire språk til dagleg?
To unge jenter med hidjab ser på PC-skjermen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1

Lær nokre faguttrykk.

Les fagstoffsida om fleirspråklegheit på NDLA og finn svara på spørsmåla nedanfor:

  1. Kva vil det seie at ein stat er fleirspråkleg? Forklar og gi døme.
  2. Kva for spesielle språklege ferdigheiter har ein fleirspråkleg person?
  3. Kva er kodeveksling?
  4. Forklar omgrepet globalisering, og gi nokre konkrete døme på globalisering.
  5. Korleis bidreg globaliseringa til at stadig fleire menneske vert fleirspråklege?
  6. Kva er anglifisering? Og kva er årsaka til at mange språk i verda har vorte og vert anglifiserte?

Oppgåve 2

Fleirspråklegheit – fordel eller ulempe?

Sjå videoklippet om fleirspråklegheit ovanfor.

  1. Forskar Sunil Luuna bruker omgrepet "kognitiv utvikling" i denne videoen. Kva slags utvikling hos barnet er det han siktar til?
  2. Nemn nokre av synspunkta som Luuna kjem med.
  3. Når bruker fleirspråklege barn dei ulike språka dei lærer?
  4. Vert dei nødvendigvis like flinke i begge språka?

Oppgåve 3

Lytt til samtalen i videoen nedanfor mellom professor Bente Ailin Svendsen og unge med fleirspråkleg bakgrunn. Kva synspunkt kjem fram i dialogen på det å vere fleirspråkleg? Noter ned viktige stikkord, og bruk desse som bakgrunnskunnskap i neste oppgåve.

Oppgåve 4

Be om eit intervju med ein eller fleire fleirspråklege elevar i klassen eller på skulen din.

Spørsmål du kan stille er:

  • Kva for språk snakkar dei?
  • I kva for situasjonar bruker dei desse språka?
  • Kva for eit av språka opplever dei som "morsmålet" eller "hjartespråket" sitt?
  • Kva er problematisk når dei må bruke meir enn eitt språk i kvardagen?
  • Kva er fordelen ved å vere fleirspråkleg?
  • Kva for eit språk ønskjer dei at barna deira skal ha som morsmål i framtida?

Skriv ut intervjuet og del det med resten av klassen i ei felles veggavis.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Marion Federl og Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 21.01.2019

Læringsressursar

Kva er språk?