Fleirspråklegheit - Norsk (SF vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Fleirspråklegheit

Både enkeltmenneske og statar kan vere fleirspråklege. Mange fleirspråklege personar kan veksle mellom språk. Når nokon vekslar mellom ulike språk i ein samtale, kallar vi det kodeveksling.
Mange barn veks opp i fleirspråklege familiar. Nokre meiner dette er ei ulempe, andre peiker på at desse barna får ein språkleg kompetanse som ikkje andre barn får. Video: Dialektxperten, NRK / CC BY-NC-ND 4.0

Fleirspråklege statar

På samfunnsnivå snakkar vi om fleirspråklege statar når det finst to eller fleire offisielle språk. Canada er eit døme på ein fleirspråkleg stat, med fransk og engelsk som jamstilte språk.

Fleirspråklege personar

Fleirspråklege personar er i stand til å bruke eller bruker meir enn eitt språk, anten til dagleg eller i spesielle situasjonar. Ein fleirspråkleg person kan veksle mellom ulike språk alt etter kven vedkommande snakkar med, og korleis situasjonen er. Vekslinga mellom ulike språk kan til og med skje innafor ei og same setning. Når nokon vekslar mellom ulike språk i ein samtale, kallar vi det kodeveksling.

Kodeveksling viser at språkbrukaren meistrar ulike samtale-situasjonar. Det at han eller ho blandar ulike språk, er ikkje eit uttrykk for språkforvirring, men gjerne heller eit utslag av kreativitet og evne til å markere ein sosial posisjon. Gjennom språket skaper den som snakkar ein identitet som er unik og forskjellig frå "folk flest".

Sydney om fleirspråklegheit

0:00
-0:00
Lyd: Dialektxperten / CC BY-NC-ND 4.0
Sydney om fleirspråklegheit – transkribert

Sydney (S)

Intervjuar (I)


S: Det er vel litt lettare å lære nye språk, som til dømes vietnamesisk, urdu eller polsk, fordi eg har jo fleirkulturelle vener, som til dømes polakkar, vietnamesarar og pakistanarar. Så etter kvart tek eg opp eit par ord frå språket deira.

I: Har du nokon døme på urdu eller noko som du kjem på no?

S: Ja, som til dømes på panjabi så er «korleis går det» «gijæli». Og viss eg snakkar til forskjellige folk, så pleier eg å snakke forskjellige språk, som til dømes viss eg er med ein pakistanar, så pleier eg å bruke språket hans litt meir, og viss eg er med ein vietnamesar, språket hans og så vidare.

I: Det er veldig interessant at du sånn språkleg sett tilpassar deg den du snakkar med, for det er noko du er vand til også.

S: Ja, heime og ute.

I: Ja, for vi gjer det jo heile tida – vi tilpassar oss. Også då, som vi ser her – på tvers av språk – og det er jo veldig interessant.

Michellene om fleirspråklegheit

0:00
-0:00
Lyd: Dialektxperten / CC BY-SA 4.0
Michellene om fleirspråklegheit

M: Det har vel ganske mykje med identitet å gjere, også med tanke på at vi jo er fødde og har vakse opp i Noreg, og at vi då på ein måte skal ha ein link til heimlandet. Ja – landet vi verkeleg kjem frå. Og vi får det jo då på ein måte gjennom kulturen i tillegg. Men språk er jo ein viktig del av kulturen, så viss vi då eventuelt reiser tilbake, eller kanskje bestemmer oss for at: Å – vi har lyst til å studere der, så kan vi det. Og då er det kanskje enklare for oss å tilpasse oss – og ikkje berre bruke engelsk heile tida.

Kvifor vert fleire fleirspråklege?

I dag er det mykje kontakt mellom menneske som bur i ulike delar av verda. Ungdommar i New York, Singapore, Amman og Bergen følgjer med på dei same tv-seriane og høyrer på same musikk.

I den rike delen av verda er det vanleg å feriere i framande land. I den fattige delen av verda må menneske ofte søkje opphald i eit framandt land på grunn av krig, nød og naturkatastrofar.

Multinasjonale bedrifter har avdelingar i mange land. Nokre land, mellom anna Noreg, har eit stadig aukande behov for å importere arbeidskraft, medan andre land har for få jobbar å tilby innbyggjarane sine. Då flytter menneska ofte til land der det er arbeid å få. Ei fellesnemning for denne utviklinga er globalisering.

Globaliseringa fører til at grensene mellom ulike språk og kulturar delvis vert viska bort, og at det oppstår nye språk- og kulturformer som tek opp i seg element frå ulike folkegrupper. Engelsk er det dominerande språket innan mellom anna underhaldnings- og dataindustrien. Det fører til ei anglifisering av mange språk, det vil seie ei auka innblanding av engelske ord og uttrykk.

Relatert innhald

Skrive av Oddvar Engan og Ragna Marie Tørdal. Rettshavar: Dialektxperten
Sist fagleg oppdatert 03.01.2019