Hopp til innhald

Fagstoff

Særpreg ved norsk tale

Det finst over 6000 språk i verda, og kvar av desse har sine særpreg. I somme språk blir det brukt plystrelydar, i andre klikking. Også det norske språket har sine særtrekk. Kjenner du til kva det kan vere?
Opne bilete i eit nytt vindauge

Parodi på norsk

Av og til kan eit utanfrå-blikk på norske særmerke opne auga for kva som kjenneteiknar oss. Den norske serien Skam blei utruleg populær i Danmark då han kom ut. Videosnutten i lenka under er ein parodi på denne serien. Han parodierer både norsk språk og kultur.

DR3 på Youtube: Skamdinavisk ungdomsserie.

Tenk over:

Kva delar av norsk språk og kultur meiner du blir gjort narr av i videoen?

Norwegian sounds like...

Viss du skriv frasa over inn i Google, vil eit av dei øvste autosøka vise "Norwegian sounds like singing". Mange utlendingar synest altså at språket vårt høyrest ut som ein song. Norsktalande går stadig opp og ned i stemma. Årsaka til dette er noko som heiter tonelag.

Kva er tonelag?

På norsk skil vi mellom «bønder» og «bønner» – ikkje berre i skrivemåten, men også i uttalen. Vi et bønner og ber bønner, men vi et ikkje bønder. Klarer du å høyre forskjellen på desse orda?

Vi kallar dette tonelag eller "tonem". I norsk språk har vi to tonem. Dei ulike måtane å uttale ordet på gir ulik betyding. Det er forskjell i betydinga om du «tømmer» ut vatn frå ei bøtte, eller du finn «tømmer» i skogen.

På denne måten skil norsk (og svensk) seg frå mange andre indoeuropeiske språk. For dei fleste indoeuropeiske språk har ikkje tonelag. Eitt ord kan berre ha ei betyding. Men andre stader, til dømes i somme kinesiske dialektar, kan ein ha så mykje som seks ulike tonelag. Eit kort ord kan altså ha seks ulike betydingar avhengig av korleis du seier det.

Meir om tonelag

Du kan høyre meir om tonelag i NRK-programmet Dialektriket. Innslaget startar 18:20 ut i episoden: Dialektriket på nrk.no

Vi er vokalrike

Eit særtrekk ved norsk er at vi har så mange vokalar. "Vi har jo berre ni!", tenkjer du kanskje? Ja, men dette må du gonge med to, for vokalane våre kan vere både korte og lange. Lydverdien av vokalen "u" er ikkje den same i "futt" som i fut". I den første er den kort, i den andre lang. Dermed kan vi seie at vi har 18 vokalar i norsk.

Å ha så mange ulike vokalar er uvanleg for andre språk. Mange av vokalane våre er i tillegg lite brukte internasjonalt. Dette gjeld spesielt u og y. Desse to bokstavane finn du i det latinske alfabetet som stort sett heile Europa har felles, men dei representerer ein annan lyd i andre europeiske språk. Det engelske ordet "Why" blir til dømes ikkje uttalt med vår norske y-lyd, men som noko som kan beskrivast som ein "aj"-lyd.

Vokalane er vanskelege for utlendingar

Vokalane er spesielt vanskelege, fordi det er små forskjellar i til dømes i korleis vi formar lydane. Du kan sjølv kjenne etter kva som skjer med leppene og tunga når du uttalar dei ulike norske vokalane etter kvarandre. Når så vokalar i andre språk igjen skil seg ørlite i lepperunding og tungeplassering, skjønar du kanskje at det er vanskeleg å treffe akkurat rett. Det finst likevel nokre triks. Ein amerikanar som lærte norsk, fann ut at han måtte lage trutmunn for å få til y-lyden.

Ein svenske vil vanlegvis kunne identifisere svensktalande nordmenn i Sverige på u-lyden. Det er òg slik motsett veg. Vi kjenner igjen svenskane på a-lyden, sjølv om dei snakkar norsk.

Spesielle konsonantar

"Vil du vere med på sjino?", seier ein del nordmenn. "Kan du ikkje prate, eller?", kan svaret vere. Det heiter KJino!" Den norske kj-lyden er ikkje heilt særeigen for norsk, men det er ikkje så mange språk som har han, særleg ikkje utanfor Europa. Dermed er det òg ein lyd som kan vere vanskeleg å lære for mange utlendingar. Kanskje har utlendingane rett? Somme språkforskarar meiner at lyden kjem til å døy ut i Noreg og bli helt erstatta av sj-lyden.

Ein annan lyd som ikkje er så vanleg i andre språk, er den tjukke l-en. Tjukk l er tradisjonelt blitt brukt i Aust- og Midt-Noreg. I namnet "Ola" og substantivet "mål", vil dei som har tjukk l ta tunga opp mot ganen, medan dei med tynn l legg ho rett bak tennene.

Prøv sjølv:

Har du tynn eller tjukk l?

Viss du kjem frå Aust- eller Midt-Noreg, er det slett ikkje sikkert du har den tjukke l-en du tradisjonelt skal ha. Også dette er nemleg ein lyd som er trua i Noreg. Men vi kan trøste oss med at folkerike språk som urdu/hindu og panjabi også har denne lyden.

Kjelder

Johansen, P. (u.å.) Y-bostav. I Store norske leksikon. Henta frå https://snl.no/Y_-_bokstav.

Kvittingen, I. (2016, 14. november). Spør en forsker: Hva er det rareste språket i verden. Henta frå https://forskning.no/kultur-land-og-regioner-sprak/spor-en-forsker-hva-er-det-rareste-spraket-i-verden/384596.

Leira, V. (1996, mars). Sola og sola. Henta frå https://www.sprakradet.no/Vi-og-vart/Publikasjoner/Spraaknytt/Arkivet/Spraaknytt_1996/Spraaknytt_1996_3/Sola_og_sola/.

Thiessen, F. (2003, mars). Om språkforholdene i Pakistan. Henta frå https://www.sprakradet.no/Vi-og-vart/Publikasjoner/Spraaknytt/Arkivet/2003/Spraaknytt_2003_3_4/Pakistan2/.

CC BY-NC-SASkrive av Åsa Abusland, Øyvind Dahl og Marthe Moe. Rettshavar: NRK
Sist fagleg oppdatert 10.09.2019

Læringsressursar

Kva er språk?