Hopp til innhald

Fagstoff

Språklære

Grammatikken eller språklæra handlar om lydverk, orddanning, bøying, ordklassar og setningsbygnad.

Språklydar og ord

Dei minste byggjesteinane i språket er lydar. Vi deler språklydane inn i to hovudgrupper: vokalar og konsonantar. Vokalane kan opptre i "minigrupper" på to: ei, au, øy. Det kallar vi diftongar. Lydar kan kombinerast til ord med ulik tyding.

Ordklassar

Ord kan delast inn i grupper ut frå

  • kva for tyding dei har
  • om ein kan bøye dei eller ikkje
  • kva for funksjon dei har

Det er vanleg å dele ord inn i 10 ordklasser: substantiv, verb, pronomen, bestemmarord (determinativ), adjektiv, adverb, preposisjonar, konjunksjonar, subjunksjonar og interjeksjonar.

Bøying

I norsk får ein del ordklassar bøying: Vi legg til ei ending på slutten av orda for å vise om det dreier seg om ein eller mange, notid eller fortid. Slike endingar kallar vi suffiks. Språk der forhold som tal, tid, bestemtheit osv. blir uttrykte ved at ein føyer bøyingsendingar eller suffiksar til ordstammene, kallar vi syntetiske språk. Analytiske språk derimot har få eller ingen bøyingsendingar, men uttrykkjer grammatiske forhold gjennom eigne grammatiske ord eller gjennom ordstilling.

Setningsbygnad (syntaks)

Vi set saman ord til frasar og setningar. Døme på frasar er "den raude hatten", "i går" eller "utruleg bra". I setninga får ord og frasar bestemte funksjonar: Dei er subjekt, objekt, verbal, predikativ eller adverbial. Kvart språk har sine eigne reglar for rekkjefølgja av setningsledd. Rekkjefølgja hjelper oss å forstå kva setninga tyder. Endrar vi på rekkjefølgja av setningsledda, får setninga ofte ei anna meining, eller ho høyrest rett og slett feil ut.

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal og Oddvar Engan. Rettshavar: Dialektxperten
Sist fagleg oppdatert 21.01.2020

Læringsressursar

Kva er språk?