Hopp til innhald

Fagstoff

Mennesket si største oppfinning

Språket gjer menneskeslekta unik. I steinalderen var det avanserte språket ein føresetnad for å lykkast. Vi kunne jakte i flokk ved å gi kvarandre presise beskjedar. Slik kunne vi overliste dyr som var mykje større og sterkare enn oss. I dag finst det over 6000 ulike språk i verda.
Babels tårn. Måleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

«Språket er tankens kropp» (Friedrich Hegel)

Opphavet til språka

Å seie at språk er ei oppfinning er upresist. For akkurat kor, når og kvifor språket oppstod, er ei ukjend gåte. Somme forskarar meiner at ulike språk oppstod på forskjellige tider ulike stader i verda. Andre meiner at språket oppstod berre éin gong – i mennesket si vogge: Afrika.

Babels tårn

At mennesket har undra seg over språket og språkutviklinga i lang tid, viser historia om Babels tårn frå Bibelen. Ifølgje denne forteljinga frå første Mosebok snakka menneska eitt språk etter syndfloda. Men årsaka til at vi fekk ulike språk, var at menneska bestemte seg for å byggje eit tårn som skulle nå heilt opp til himmelen. Gud sette lite pris på dette overmotet og skapte forskjellige språk for å splitte menneska.

Språk i verda i dag

Språkforskarar reknar med at det finst mellom 6000–7500 språk i verda. Talet varierer, då skiljet mellom dialekt og språk ikkje alltid er like tydeleg. Men visste du at fleire språk er ein utrydningstrua art? I verste fall kan så mykje som halvparten av dagens språk døy ut innan 100 år. Kva trur du vil skje med norsk om 100 år?

Tårnet i Babel

Det finst fleire forklaringar på kvar språk kjem frå. I Bibelen finst forteljinga om «Tårnet i Babel», som er interessant frå eit språkperspektiv: "Heile verda hadde eitt språk og same tungemål. Då folk braut opp frå aust, fann dei ein brei dal i Sinear-landet og slo seg ned der. Dei sa til kvarandre: «Kom, så lagar vi teglstein og brenner dei godt!» Dei brukte tegl til byggjestein og jordbek til bindemiddel. «Kom,» sa dei, «la oss byggje oss ein by med eit tårn som når opp til himmelen og skape oss eit namn, så vi ikkje blir spreidde ut over heile jorda!»

Då steig Herren ned for å sjå på byen og tårnet som menneska bygde. Herren sa: «Sjå, de er eitt folk, og same språk har de alle. Dette er det første dei tek seg til. No vil ingen ting vere umogleg for dei, kva dei så finn på å gjere. La oss stige ned og forvirre språket deira, så den eine ikkje skjønar kva den andre seier!»

Så spreidde Herren dei derifrå ut over heile jorda, og dei heldt opp med å byggje på byen. Derfor kalla dei han Babel. For der forvirra Herren all verdsens tungemål, og derifrå spreidde Herren dei ut over heile jorda" (1. Mosebok, kap. 11, 1–9).

Ulike språkfamiliar

Indoeuropeisk, uralsk, altaisk, tsjuktsji-kamtsjatkansk, dravidisk. Alt dette er namnet på språkfamiliar. Alle verdas godt over 6000 språk blir delte inn i ulike språkfamiliar. Språkforskarar har sett på likskapar og forskjellar i verdas språk og funne dei som har felles opphav. Det er kanskje inga overrasking at norsk, svensk og dansk er nære i slekt, men visste du at norsk også er i familie med indisk?

Den indoeuropeiske språkfamilien

Det norske språket høyrer til den germanske greina av den indoeuropeiske språkfamilien. Språkforskarane meiner at språka i denne språkfamilien har utvikla seg frå eit felles indoeuropeisk grunnspråk. Det finst fleire teoriar om når og kvar det indoeuropeiske urspråket blei talt. Mange meiner at dei opphavlege indoeuropearane budde i eit steppeområde nord og aust for Svartehavet minst 3 500 år f.Kr.

Vi har ingen skriftlege kjelder som viser korleis dette indoeuropeiske språket såg ut, men språkforskarane har prøvd å rekonstruere det ved å undersøkje og samanlikne både levande og døde språk i den indoeuropeiske språkfamilien.

Dersom du klikkar på språktreet, kan du sjå og høyre andre språk enn norsk som òg høyrer til den germanske greina av indoeuropeisk:

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland og Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 13.08.2019

Læringsressursar

Kva er språk?