Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

CNC-produksjon av spelebrikker

Brikkene på det tradisjonelle tre-på-rad-spelebrettet har ei form som eignar seg for datastyrt fresing. Lær korleis du bruker datastyrt fresing til å produsere spelebrikker raskt og effektivt.

Instruksjonsvideo

Instruksjonsvideoen nedanfor viser korleis du produserer spelebrikker ved å ta i bruk datastyrt fresing.

CAM-program

For å klargjere fresejobben må du laste nokre ferdigteikna brikker inn i CAM-programmet
(CAM = Computer Aided Modelling). Som emne bruker du ein lang aluminiumsprofil som du teiknar opp i programmet. I dei fleste CAM-programma må du lage eit programoppsett der du fortel maskina kva rekkefølge ho skal gjere jobben i.

I programmet vel du objekta du ønsker å frese ut. I dette tilfellet blir det spelebrikkene. Du må også definere kva maskin du skal køyre programmet på, og fortelje CAM-programmet at det er den lange aluminiumsprofilen som skal brukast som emne.

Nullpunkt

For at CNC-maskina skal vite kvar emnet er plassert, og kvar ho skal starte jobben, må du sette nullpunkt.

Maskinnullpunkt

Maskinnullpunktet er eit fast punkt i X-og Y-akse på fresebordet til maskina, ofte i eit av hjørna på bordet.

Programnullpunkt

Programnullpunktet er eit nullpunkt som du definerer, og som skal vere referansenullpunktet for programmet ditt. Det betyr at alle rørslekommandoar du legg inn i programmet ditt, blir definerte ut frå dette punktet.

Du kan bruke maskinnullpunktet, altså nedre venstre hjørne på skjerebordet, som programnullpunkt. Men det er også fullt mogleg å velje eit anna hjørne eller ein annan vilkårleg posisjon på arbeidsemnet eller fresebordet så lenge nullpunktet er definert i programmet.

På mange maskiner kan du flytte skjereverktøyet manuelt til ein posisjon, gjerne over eit hjørne på arbeidsemnet, og sette denne posisjonen som programnullpunkt. Gjer du dette, treng du ikkje måle kvar arbeidsemnet er plassert i forhold til maskinnullpunktet.

I vårt tilfelle skal hjørnet på aluminiumsprofilen vere plassert 75 mm frå referansenullpunktet i X-akse og 443 mm frå referansenullpunktet i Y-akse. Koordinatane er då X75 Y443. Når du skal montere emnet i maskina, må du bruke eit måleverktøy og sikre at emnet er plassert i rett avstand frå maskinnullpunktet. På ei stor, upresis maskin held det kanskje å bruke måleband, men på ei meir presis maskin er du kanskje nøydd til å måle med skyvelære.

Opne bilete i eit nytt vindauge

Gjennomtenkt plassering av delar sparer tid og minimerer materialforbruket.

Opne bilete i eit nytt vindauge

Programnullpunktet er her plassert i nedre høgre hjørne av arbeidsemnet.

To freseprogram

Du må sette opp to program for å lage brikkene: Det første programmet freser inn symbola på toppen av brikkene, det andre programmet skjer ut sjølve brikkene.

Som verktøy bruker du ein 6 mm-pinnefres. CNC-maskina er programmert til å bevege seg ned i materialet med ein svak vinkel for å redusere belastninga på arbeidsemnet og verktøyet. Skjeredataa kan variere sterkt frå maskin til maskin. Dei må baserast på eigenskapane til maskina, på verktøyet du bruker og på materialet du skal frese i.

Når emnet er plassert rett og festa forsvarleg, er du nesten klar til å køyre programma. Før start må du kontrollere at rett verktøy er montert, og at verktøyet er nullstilt i Z-aksen. Så kan du starte maskina og gå i gang.

Fresing av spelesymbol

Visualisering av fresing av spelebrikker til tre-på-rad-spel. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Når du set opp fresejobben for symbola på brikkene, bruker du pocket-funksjonen i CAM-programmet.

Fresing av brikker

Visualisering av tabs. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sett av noko materiale på kvar side av brikkene når du lagar freseprogrammet. Då unngår du at brikkene blir kasta ut av maskina når fresen bryt igjennom.

Merking av brikkene

Du kan merke brikkene på ulike måtar, til dømes ved å bruke neglelakk. Det er ein litt tidkrevjande prosess, men neglelakk festar seg godt til brikkene. Ein annan fordel er at neglelakk kjem i veldig mange fargar, og sjølv om literprisen på neglelakk er høg, treng du berre små mengder lakk til brikkene du skal lage. Dessutan følger penselen med.

Har du tenkt å produsere spel for sal gjennom elevbedrift, er det også lurt å vente til etter -fasen før du investerer i store kvantum måling.

Tenk over

Lønnsam produksjon er nødvendig for at ei bedrift skal klare seg – også ei elevbedrift. Derfor er det viktig å rekne på arbeidskostnader, tidsbruk og andre utgifter.

Lønnsemd

Tenk på tre-på-rad-brettet du held på å lage, og på annan type produksjon du kjenner til: Kva er det som avgjer at CNC-maskinering er meir lønnsam enn manuell maskinering? Finn gjerne endå fleire argument for eller imot enn dei som er lista opp her.

  • Å produsere brikker for hand er tidkrevjande, noko som gjer produkta dyre.

  • Å programmere ei CNC-maskin er også tidkrevjande, men sjølve maskineringa går raskare.

  • Maskinell produksjon gjer at bedrifta sparer tid og kan redusere prisen fordi det blir færre manuelle arbeidstimar.

  • Ei CNC-maskin er ofte ein del dyrare i innkjøp og vedlikehald enn ei manuell maskin.

Innkjøp av råvarer

Du vil gjerne tilby tre-på-rad-brettet i ulike fargekombinasjonar og treng fem ulike fargar.

  • Rekn kva det vil koste totalt å kjøpe inn fem ulike industrielle målingsspann i minstekvantum på 1 liter pluss pensel, kontra fem ulike neglelakkar.

  • Kor mange spelebrett må du lage før det lønner seg å gå over til industrimåling?

CC BY-SASkrive av Torbjørn Nordvik Helgesen og Haldor Hove.
Sist fagleg oppdatert 14.11.2023

Læringsressursar

Tre-på-rad-spel