Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Produksjon av steinbrikker

Eit tre-på-rad-spel kan utformast i mange variantar tilpassa ulike kundegrupper. Her vil vi sjå på korleis du kan lage brikkene av stein.

Finn spennande steinar i naturen!

Viss du vil lage eit spel som ser litt eksklusivt ut, kan spelebrikker i stein vere eit godt val. Ulike steinsortar kan ha veldig ulike uttrykk, og i prototypingfasen kan du utforske ulike materiale og korleis dei vil sjå ut.

Stein finst òg i alle prisklassar. Dei mest eksklusive steinane kostar mykje å kjøpe inn, men det er òg mogleg å kjøpe rimelegare steinar eller å gjenbruke rimeleg eller gratis materiale som du finn i bruktbutikkar eller på gjenvinningsstasjonar. Du kan dessutan finne steinar sjølv i naturen. Visste du at det finst edelsteinar i skogen og langs elvar i Noreg?

Stein er hardt. Å pusse ned overflata kan ta uforholdsmessig mykje tid og auke produksjonskostnaden drastisk, men du treng ikkje bruke finpussa, polert stein. Du kan òg velje stein der den grove overflata er bevart.

Opne bilete i eit nytt vindauge

Kostnad og utsalspris

Det ligg i ordet eksklusiv at nokon blir ekskluderte. Eksklusive produkt kostar meir, noko som òg gjer kundegruppa mindre sidan ikkje alle har råd til å kjøpe dei.

Den høge prisen kjem gjerne av ein kombinasjon av dyre råvarer og tidkrevjande produksjon. Viss du til dømes betaler 600 kroner for materialet åleine, må spelet seljast for langt over 600 kroner for å dekke inn arbeidet og for at du skal gå med overskot. Materialvalet kan gjere nokre kundar villige til å betale den høge prisen, men for mange kundar vil prisen likevel vere høgare enn det dei er villige til å bruke på eit spelebrett, same kor fint materiale du har brukt.

Det gjeld derfor å finne ein balanse. Set du prisen for lågt, taper du pengar fordi materiala er dyre å kjøpe inn, og set du prisen for høgt, ekskluderer du for mange kundar.

Produksjon av brikkene

Brikker av stein kan du enklast lage i ei søyleboremaskin med eit væskekjølt diamantbor. Eit diamantbor er eit holbor, ofte i ein låg stålkvalitet, som er dekt med bitte små diamantar som tek seg av skjeringa. Diamantbelagde holbor er rimelege i innkjøp og blir mellom anna brukte ved installering av fliser på baderom.

Gjer jobben trygt!

Når du tilarbeider stein med diamantbor, mel dei små diamantane på boret steinen opp til eit fint støv. Dersom du pustar inn dette støvet, risikerer du å utvikle den alvorlege lungesjukdommen silikose. Silikose gjer lungevevet mindre fleksibelt slik at oksygenopptaket blir lågare. Sjukdommen er . Derfor må du unngå å bli for steinstøv.

Aller helst bør du bruke eit væskekjølt diamantbelagt holbor. Skjerevæska består ofte av vatn og litt friksjonsreduserande olje. Ho kan òg innehalde ein del andre kjemikal som gjer at vatnet transporterer varme endå betre. Når du legg steinen du skal bore i, oppi eit vassbad, vil skjerevæska både kjøle ned boret og fange opp det helsefarlege steinstøvet.

Opne bilete i eit nytt vindauge

Marmor

Det er lett å tenke at all stein er like hard, men det er stor forskjell mellom steintypane. Marmor er ganske mjuk til stein å vere, og det tek berre omtrent to minutt å bore ut ei brikke. Du kan altså lage brikker til eit spel på få minutt.

På den andre sida gir denne grove produksjonsprosessen relativt store avvik i brikkediameteren. Det er mogleg å pusse ned overflata etter boring, men du kan òg velje å behalde det røffe uttrykket.

Hugs at du må gjennomføre dokumentert sikkerheitsopplæring for søyleboremaskina før du kan ta ho i bruk.

Relatert innhald

Diamantbor (kjernebor) på eit marmorbrett. Bor og brett ligg oppå arbeidsbordet til ei maskin. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tenk over

  1. Materialet er gratis om du hentar stein i naturen. Men du kan få reiseutgifter og ekstra tidsbruk som må du ta med i reknestykket ditt. Kanskje lønner det seg å betale for materialet og få det med éin gong framfor å bruke lang tid på å finne gratis materiale?

  2. Om du bruker stein frå nærområdet ditt, kan du sette eit lokalt preg på spelbretta du eller elevbedrifta di sel. Nokre kundar er kanskje villige til å betale meir for eit produkt framstilt av lokal stein. Derfor kan det vere verd å bruke noko tid på å leite.

  3. Verktøyet blir raskare slite når du produserer brikker i stein. Ta med i berekningane dine at du får høgare kostnader på grunn av av slitasje på verktøyet.

  4. Kva skal eller må du gjere med kjølevæska med steinstøvet?

CC BY-SASkrive av Haldor Hove og Torbjørn Nordvik Helgesen.
Sist fagleg oppdatert 01.01.2024

Læringsressursar

Tre-på-rad-spel