Hopp til innhald

Fagstoff

Utforming

I denne artikkelen vil vi sjå nærare på den fasen i produktutviklinga der vi utformar prototypar. Vi skal utvikle fleire variantar av eit tre-på-rad-spel. Kanskje du kan selje ditt eller klassen sitt spel i ei elevbedrift?

Kven er kunden?

Når du skal utforme eit produkt, må du først tenke på kven som skal kjøpe produktet. Folk i ulik alder, livssituasjon og busituasjon kan ha ulik estetisk smak. Viss du ikkje veit kva slags smak kundegruppa di har, kan det hende du produserer varer du ikkje får selt.

Still deg sjølv spørsmålet: Ville du kjøpt det same produktet som mora di? Eller vil ein bilinteressert 50-åring kjøpe det same produktet som ein interiørdesignar på 25 år?

Tilpassing til marknadssegment

For å få best mogleg sal må du dele marknaden, eller kundane du ønsker å nå, inn i segment og målgrupper, slik at du kan tilby dei ulike segmenta produkt du trur dei vil kjøpe.

Eitt og same produkt kan ofte utformast i fleire variantar meinte for ulike kundegrupper. I butikken kan du til dømes finne tannbørstar i ulike fargar, utformingar og materiale.

Utforming av spelet

Når du skal utforme spelet og brikkene, er det nesten berre dei tilgjengelege verktøya på verkstaden som avgrensar korleis spelet ditt kan sjå ut. Moglege materialvalg kan mellom anna vere tre, stål, aluminium, akryl, kompositt, messing og stein, så her kan du bruke fantasien.

Ved hjelp av eit -verktøy kan du raskt endre eller justere utforminga av eit produkt for å tilpasse det til ulike folk. I biletkarusellen nedanfor har vi skissert nokre døme ved bruk av 3D-verktøyet Fusion 360.

CC BY-SASkrive av Torbjørn Nordvik Helgesen og Haldor Hove.
Sist fagleg oppdatert 14.11.2023

Læringsressursar

Tre-på-rad-spel