Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

CNC-produksjon av spelebrettet

No som du har produsert brikker til tre-på-rad-spelet, treng du nokre spelebrett til brikkene.

Programmere CNC-fresen

Når du skal programmere fresen, må du først teikne opp storleiken på emnet i CAM-programvara. Det er viktig at du måler emnet nøyaktig, men teikninga av emnet er likevel ei forenkling. Du treng til dømes ikkje teikne inn skråskjerte kantar så lenge du plasserer brettet litt inn på emnet.

Når emnet er teikna opp, importerer du det eller dei ferdigteikna bretta du ønsker å frese ut. Prøv å utnytte emnet så godt som mogleg, men hugs at det òg må vere plass til skruar for å halde fast emnet. Lag deretter eit programoppsett på same måte som du gjorde for brikkene. Du må velje kva maskin du skal bruke, kva som skal fresast, kva som er emnet, og kvar nullpunktet skal vere. Du må òg angi programnullpunktet viss du plasserer emnet ein annan stad enn på referansenullpunktet til fresemaskina. Sett opp maskina slik at den indre geometrien, altså lommene, blir freste først. Når du er ferdig med oppsettet, kan du simulere fresejobben i CAM-programmet for å kontrollere at fresen ikkje gjer noko uventa.

Før du køyrer fresejobben, bør du køyre fresen til referansenullpunktet for å kalibrere maskina på nytt. Det kan vere ein god vane å alltid kalibrere maskina før kvart nytt prosjekt.

Prototyping

Målet med prototypingen er å finne gode skjeredata og toleransar for å effektivt produsere produktet. Med rett verktøy og rette skjeredata kan du nemleg skjere ut brettet i eitt kutt i staden for å gå i fleire omgangar. På den måten går produksjonen av kvart brett raskare, og profitten på kvart produkt blir høgare.

I prototypingfasen bør du derfor køyre éin og éin fresejobb om gongen. På den måten kan du kontrollere resultatet mellom kvar jobb og eventuelt tilpasse programmeringa.

Frese ut lommer og brett

Den første gongen du freser ut lommene på brettet, er det godt mogleg at brikkene du har laga, ikkje passar i lommene. Då kan du bruke konturfunksjonen i CAM-programvara til å setje opp eit toleransekutt langs veggene i lommene. Toleransekuttet må ofte køyrast med andre skjeredata enn sjølve grovfresinga av lomma. I prototypingfasen kan det vere du må køyre fleire toleransekutt for å finne rett toleranse. Du kan òg velje å legge inn ein fas slik at brikkene fell lettare på plass i lommene.

Når du har stadfesta at brikkene passar, kan du køyre jobben med å frese ut spelebrettet. Hugs å la det stå igjen noko materiale langs sidene av brettet slik at det framleis heng fast i emnet når fresejobben er ferdig.

Når du har verifisert at begge fresejobbane er bra, kan du køyre begge fresejobbane etter kvarandre utan å kontrollere resultatet mellom kvar gong. Då treng du berre trykke på start éin gong. No har du lagt grunnlaget for masseproduksjon av spelebrettet.

Tre-på-rad-spel med firkanta bambusbrett og firkanta brikker av aluminium. Brikkene er merkte med eit stort raudt kryss eller ein svart sirkel. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Firkanta brikker til tre-på-rad-spel, laga av ulike treslag. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Ti dreidde brikker i koparfarga metall. Brikkene har fas. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Tre-på-rad-spelebrett i bambus med dreidde brikker i messing. Brikkene har dreidde spor og er merka med lyseblått eller svart i ei fordjuping på toppen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Torbjørn Nordvik Helgesen.
Sist fagleg oppdatert 14.11.2023

Læringsressursar

Tre-på-rad-spel