Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Spelebrett for steinbrikker

Steinbrikkene treng òg eit matchande spelebrett. Her ser vi på ulike løysingar og innstillingar for programnullpunkt. Kva løysingar synest du verkar spennande å jobbe vidare med?

Produksjon av spelebrett

Når du skal lage spelebrettet til tre-på-rad-spelet, kan du velje blant mange ulike materiale. Aluminium kan til dømes gi ein fin kontrast til steinbrikkene, medan bambus gir eit varmare uttrykk. Limtre kan òg gi ein spennande struktur. Eit tips kan vere å sjekke i restekassa til materialet du vel, for å sjå om du kan finne eit emne som passar.

Uansett materialval lagar du spelebrettet i ein CNC-fres. Du kan òg velje å frese inn ulike strukturar i spelebrettet.

Programmering og val av programnullpunkt

Ved programmering av ein CNC-fres er det vanlegast å angi det nedste venstre hjørnet av emnet som programnullpunkt. Enkelte gonger vil det likevel vere formålstenleg å bruke senteret av emnet som nullpunkt, til dømes når du bruker eit arbeidsemne med skadar eller ujamne kantar. Hugs òg å justere emnetjukkleiken i programmet slik at han samsvarer med materialet du skal frese i.

Bruke senter som programnullpunkt

Viss du vil bruke senteret av emnet som programnullpunkt, må du angi det i . I staden for å bruke det nedste venstre hjørnet som nullpunkt når du programmerer fresejobben, må du då velje senter som programnullpunkt. Resten av programoppsettet blir gjort som vanleg, og den indre geometrien blir frest først.

Etter å ha køyrt den første fresejobben er det lurt å prøve ei brikke i hola for å sjå om ho passar. Steinbrikkene kan nemleg ha røffe kantar, medan dei freste hola i brettet har rette og skarpe kantar. Det er derfor viktig å kontrollere om delane passar, og om brettet har den kvalitetskjensla vi ønsker.

Prøving av ei steinbrikke i eit utfrest hol på eit bambusbrett. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Plassere emne på ein tilfeldig stad

Det er òg mogleg å plassere emnet på ein tilfeldig stad på fresebordet. Då må du legge inn X-og Y-koordinatane til programnullpunktet i programmeringa. Det gjer du ved å først måle avstanden frå maskinnullpunktet på CNC-fresen til det ønskte programnullpunktet. Deretter angir du avstanden frå origo i maskinnullpunktet til origo i programnullpunktet i dei ulike aksane med koordinatane X og Y, eksempelvis X50 Y100.

Før du begynner å frese, må du kontrollere at nullpunktet du la inn i programvara, stemmer overeins med programnullpunktet i fresemaskina. Dette gjeld både X-og Y-koordinatane og kvar på emnet programnullpunktet blir plassert (hjørne eller senter).

Spelebrett til tre-på-rad-spel laga av aluminium. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ulike teksturar

Ved til dømes å frese inn parallelle riller og legge inn litt tekstur kan du tilføre brettet eit meir spennande design. Viss du finn ut undervegs i fresinga at du vil endre strukturen, må du inn på datamaskina og forandre på programmeringa, før delen blir frest på nytt. Hugs at viss strukturendringa berre inneber å ta bort materiale, kan du køyre programmet på nytt på same arbeidsemne sjølv om noko av fresinga då skjer i lause lufta.

Kvadratisk spelebrett for tre-på-rad-spel. Brettet er laga av aluminium og har avrunda kantar. Det er ni fordjupningar å plassere spelebrikker i. Fire kvite og fire svarte spelebrikker av marmor er plasserte på brettet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Torbjørn Nordvik Helgesen og Haldor Hove.
Sist fagleg oppdatert 15.11.2023

Læringsressursar

Tre-på-rad-spel