Hopp til innhald

Fagstoff

Filmsamling: Tre-på-rad

Her får du ein filmserie som tek deg frå idé til ferdig produkt når du skal produsere tre-på-rad-spelet. Kanskje du òg får idéar til andre produkt?

Film 1: Utforming

I denne filmen får du eit innblikk i designprosessen. Kva skal du tenke på, kva mogelegheiter har du, og kva val kan du ta for å påverke sluttproduktet?

Film 2: Dreidde spelebrikker

Når du er ferdig med designprosessen, er det på tide å lage ein prototype. Spelebrikker kan lagast av ulike materiale og med ulike verktøy.

Her får du ei innføring i korleis spelebrikkene kan lagast ved hjelp av ein dreiebenk.

Film 3: Spelebrikker av stein

Stein er eit veldig hard materiale, men slike naturlege produkt har òg spennande strukturar og fargepalettar.

Her får du ei innføring i korleis du kan omarbeide stein til brikker, men tipsa viser òg korleis du kan utvikle andre produkt i stein.

Film 4: Automatisert produksjon av brikker

Å lage brikker manuelt kan ta lang tid. Skal du lage få brikker, kan manuell produksjon likevel vere formålstenleg, fordi tida du bruker for å programmere, kan vere lang per brikke.

Skal du derimot produsere mange brikker, vil tida brukt til programmering bli svært kort per brikke, og då er automatisert produksjon formålstenleg.

Film 5: Å lage spelebrettet

For å lage spelebrettet må du òg designe og konstruere. Du kan òg her velje om du vil nytte manuell eller automatisert produksjon.

Kva du vel, kjem an på kva maskinpark du har tilgjengeleg, og kor kompleks utforming spelebrettet ditt skal ha.

I denne filmen ser du automatisert produksjon i ei CNC-maskin.

Film 6: Spelebrett for steinbrikker

Spelebrikkene kan lagast av mange ulike materiale. Ved automatisert produksjon bør vi alltid lage ei 3D-teikning av delane, slik at dei enkelt kan redigerast.

Ofte lagar vi prototypar først og gjer endringar i teikneprogrammet til vi er fornøgde med sluttproduktet.

Då kan masseproduksjon starte, og sluttresultatet blir bra.

CC BY-SASkrive av Roger Rosmo.
Sist fagleg oppdatert 15.11.2023

Læringsressursar

Tre-på-rad-spel