Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Mytar og fakta om 3D-printing

Dei fleste av oss har aldri sett nokon 3D-produksjon i verkelegheita. Då kan det lett oppstå feilaktige førestillingar om kva 3D-teknologi er, og kva han kan hjelpe oss med.

Mytar eller fakta?

Du har kanskje høyrt nokre av desse påstandane før:

  • Alt kan 3D-printast.

  • Alt vil bli 3D-printa i framtida.

  • 3D-printing tek jobbane frå CNC-operatørar.

  • Det er berre å lage ein 3D-modell og trykke på "Print".

Det er ikkje så rart at folk har denne typen førestillingar, for dei færraste av oss sit med førstehandskunnskap om 3D-printing.

Ei rivande utvikling

Teknologien er dessutan i stadig utvikling: Nye metodar og nye maskiner blir tekne i bruk, samtidig som eksisterande teknikkar blir forbetra. Det kjem heile tida nye materiale og 3D-printa produkt på marknaden, og media rapporterer om stadig nye bruksområde for 3D-printing. Til dømes blir 3D-printing no brukt av kirurgar for å trene på prosedyrar og for å teste verktøy.

Du har heilt sikkert også nokre tankar om korleis 3D-printing fungerer, og kva teknologien kan brukast til.

Refleksjonsspørsmål

  1. Tenk igjennom dei fire påstandane som er lista opp ovanfor. Kan nokre av dei vere heilt eller delvis korrekte? Eller er det snakk om mytar?

  2. Søk på nettet og sjå om du kan finne belegg for nokre av påstandane. Ver kritisk ved val av kjelder, og noter kvar informasjonen du vel ut, kjem frå.

  3. Skriv ned tankane dine om moglegheitene som ligg i 3D-printing, ut frå den erfaringa du har no. Ta opp notata igjen etter at du har jobba med emnet ein periode. Kva må du korrigere? Kva kan du legge til?

  4. Reinskriv notata dine slik at dei blir til ein samanhengande, ryddig og informativ tekst.

CC BY-SASkrive av Brigt Roar Skeie og Haldor Hove.
Sist fagleg oppdatert 03.10.2022

Læringsressursar

3D-printing