Installering av Cura - Yrkesfagleg fordjuping (TP-TIP vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Arbeidsoppdrag

Installering av Cura

Lær korleis du installerer slicing-applikasjonen Cura, og korleis du klargjer den første utskriftsjobben din.

Installering av Cura, steg for steg

  1. Last ned applikasjonen Cura frå internett. Søk på Cura, så får du opp nettsida for programvara.

  2. Legg til oppsett for ny 3D-skrivar i Cura.

  3. Sett inn ein del på byggeplata i Cura. Modellen du skal bruke, ligg i STL-fila "victoria" som du finn som vedlegg nedst på denne sida.

  4. Slice delen og overfør utskrivingsfila til minnekortet.

  5. Når du har fått overført utskrivingsfila, er du klar til å sette i gang 3D-skrivaren.

Lykke til!

Filer

Skrive av Brigt Roar Skeie og Haldor Hove.
Sist fagleg oppdatert 03.10.2022