Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Mobilhaldar

I dette arbeidsoppdraget skal du lage ein haldar til mobilen din. Haldaren skal kunne stå på bordet av seg sjølv, og det må vere mogleg å plassere mobilen både liggande og ståande i haldaren.
Ferdig modell av ein blå mobilhaldar med initialane til eigaren. Modellen er plassert på eit bord. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Lag ein 3D-modell etter bestemde krav

Først må du lage ein 3D-modell av mobilhaldaren. Du eller læraren kan sjølv velje designkrav frå lista under. Det finst mange døme på ulike mobilhaldarar på internett, men kanskje du kan lage ditt heilt eige design, utan å sjå på kva andre har gjort?

Designkrav 1: avgrensa volum

Når du lagar ein mobilhaldar med avgrensa volum, vil det spare printetid fordi du reduserer både plassen på byggeplata og talet på lag som skal skrivast ut. Det vil i tillegg vere plass til mange delar på same byggeplate. Då blir det mogleg å masseprodusere haldarane. Maksimal høgde på mobilhaldaren skal vere 25 mm, og arealet skal vere maksimalt 30 x 45 mm.

Designkrav 2: kreativ løysing

Du skal lage ein mobilhaldar med eit meir krevjande design. Her gjeld det å vere kreativ, til dømes lage ein mobilhaldar forma som ei hand som mobilen kan leggast i. Her vil det mest sannsynleg vere nødvendig å bruke avanserte funksjonar innan 3D-modellering.

Designkrav 3: lågast mogleg materialforbruk

Du skal bruke minst mogleg materiale for å oppnå nødvendig styrke i konstruksjonen. Kor liten kant framme kan mobilen ligge mot, samtidig som han framleis står stødig? Er kanten kanskje ikkje nødvendig i det heile?

Designkrav 4: ingen støttestruktur i 3D-skrivaren

Kan du lage eit design utan behov for støttestruktur under skriving? Då må du vurdere både detaljar og utskrivingsretning nøye.

Steg for dette arbeidsoppdraget

  1. Finn mål og tyngdepunkt for mobilen.

  2. Finn ut kva vinkel på mobilen du skal ha i haldaren.

  3. Lag ei skisse av haldaren, med dimensjonar og vinklar.

  4. Teikn delen i eit CAD-program.

  5. 3D-skriv ein rask prototype med grove innstillingar. For å få ein veldig rask prototype kan du lage ein 3D-modell av berre 2–3 millimeter av midtpartiet. Då kan du sjekke om sporet passar til mobilen og sjå om vinkelen fungerer.

  6. Test om mobilen passar inn i prototypen, og gjer justeringar på designet dersom det er nødvendig. Vurder om du treng å skrive ut ein prototype til, eller om du vil gå rett til steg 7.

  7. Skriv ut ein ny del, denne gongen med fine innstillingar.

CC BY-SASkrive av Brigt Roar Skeie og Haldor Hove.
Sist fagleg oppdatert 03.10.2022

Læringsressursar

3D-printing