Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Venger til mutter

I denne oppgåva skal du lage venger til ein vanleg mutter. Vengemutrar er mutrar som blir trekte til for hand. Du må lage ein del som mutteren skal leggast i og skruast til med. 3D-delen kan bli ståande fast på mutteren.
Nærbilete av ein 12 mm-mutter.

Lag venger til muttar

Bruk mål på ein mutter du har tilgjengeleg, eller finn detaljar i verkstadshandboka. Ver merksam på at delen må tole tiltrekking av mutteren.

Gjennomføring steg for steg

  1. Lag ei skisse med mål på mutter og form på del.

  2. Teikn delen i eit CAD-program, og eksporter til STL-format.

  3. Klargjer printejobben i maskina (ev. Cura eller maskina til skulen).

  4. 3D-print delen.

Refleksjon

  1. Blei delen sterk nok? Kva for detaljar gjorde delen svak eller sterk?

  2. Måtte du gjere tilpassingar av delen for å kunne 3D-printe han?

  3. Er bruk av vengemutrar ein fornuftig måte å forenkle montering av mutrar på? Grunngi svaret ditt.

Relatert innhald

Industridesignaren Bård Eker forklarer kvifor eksperimentering er ein viktig del av designprosessen.

CC BY-SASkrive av Brigt Roar Skeie og Haldor Hove.
Sist fagleg oppdatert 04.10.2022

Læringsressursar

3D-printing