Tekst på 3D-printa figurar
Dei aller fleste CAD-programma har eigne tekst-funksjonar. Du kan sjå videoar på NDLA om tekstfunksjonar, eller du kan finne instruksjonsvideoar på internett.
Lag ein kloss med plass til tekst på fleire sider.
Sett på bokstavar som blir innover kutta i ulike djupner, t.d.
0,1 mm, 0,2 mm, 0,3 mm, 0,4 mm og 0,5 mm.Lag også tilsvarande bokstavar med opphøgd skrift.
Gjenta steg 2 og 3 på liggande flater og på sidevegger. Du kan også velje å plassere skrift på bua flater.
Lagre delen i rett format.
Sett inn delen i Cura og klargjer byggejobben.
Sjå igjennom førehandsvisning av utskrivinga i Cura og juster innstillingar viss det er nødvendig.
Skriv ut delen i ein 3D-skrivar.
Sjå på den ferdige delen og tenk gjennom spørsmåla om designdetaljar og bruk av innprinta tekst.
Designdetaljar
Blei alle bokstavane synlege på den ferdige delen? Dersom nokre bokstavar ikkje er synlege: Kvifor manglar dei?
Har det noko å seie kva side bokstavane er plasserte på, og om flata er vertikal eller horisontal?
Er det forskjell på resultatet med tanke på bokstavane du har skrive ut? Er det nokon bokstavar som er vanskelegare å skrive ut enn andre?
Har det noko å seie om ein kuttar inn eller bygger opp bokstavane?
Bruk av innprinta tekst i produksjon/industri
Kva for funksjonar kan innprinta tal og bokstavar ha i produksjon og industri?
Kvifor kan det vere problematisk med utskriving av tekst på delar som skal brukast i produksjon?
Vedlegget på denne sida er ei fil med ein 3D-modell som kan brukast til 3D-utskriving. Objektet er ein kloss med bokstavar og siffer på. Du kan sjå på objektet online ved å bruke ViewSTL. Verktøyet er gratis, inga pålogging er nødvendig.
Lykke til med oppdraget!