Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Test av styrken på prøvestavar

I dette arbeidsoppdraget skal du teikne og 3D-skrive prøvestavar og teste styrken på dei ulike stavane.
Femten kvite, sekskanta stavar oppstilte på eit bord. Dei er av ulik høgde og har hol av ulik storleik både i sentrum og på sidene.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Steg i arbeidsoppdraget

  1. Teikn éin eller fleire delar med nøkkelvidde som passar til ein fastnøkkel eller ein momentnøkkel.

  2. 3D-skriv delen med ulike innstillingar, t.d. ulik laghøgde og/eller ulik fyllingsgrad.

  3. Test styrken på delane systematisk og dokumenter resultata. Du kan til dømes bruke ein momentnøkkel: Still inn momentnøkkelen på eit lågt moment og test delane. Auk momentet gradvis til stavane knekk eller vrir seg.

  4. Teikn og 3D-skriv nye delar i andre storleikar og/eller med andre former, og sjå kor sterke stavar du kan lage.

Tips til vidare utprøving

  • Lag ulike tverrsnitt og former på delane.

  • Bruk ulike lengder på delar med elles like innstillingar for
    3-D-skriving.

  • Lag opningar i delane for å sette inn forsterkningar av metall, og sjå korleis dette påverkar styrken. Du kan til dømes sette inn sveisetrådar frå TIG eller MIG/MAG.

Refleksjon

  • Ser du nokre mønster i korleis styrken endrar seg? Er til dømes lengda på stavane viktigare enn breidda?

  • Er det stor styrkeforskjell om delane har 100 % fyllingsgrad eller berre 50 %?

  • Betyr det noko om holet er aksielt eller radielt?

  • Har det noko å seie for resultatet om delen er laga for å passe direkte på ein momentnøkkel, eller for å passe til ei pipe på momentnøkkelen?

Lykke til!

CC BY-SASkrive av Brigt Roar Skeie og Haldor Hove.
Sist fagleg oppdatert 03.10.2022

Læringsressursar

3D-printing