Hopp til innhald

Fagstoff

Forbruk og kasting av den verdifulle maten

Har du tenkt over at vi forbrukarar rett og slett ikkje er flinke nok til å ete opp maten vi kjøper? Kvar åttande berepose med mat som vi kjøper, går rett i søpla igjen. Matsvinn er eit problem vi må ta tak i.
Ulike situasjonar knytte til mat og matproduksjon. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ifølgje ei undersøking frå Cicero i 2018 seier 36 prosent at dei er ganske eller veldig bekymra for klima. Miljø- og klimakonsekvensar av matproduksjon og matsvinn i samband med dette er eit problem som vi må ta tak i.

Vi veit at det krev land, vatn, energi, arbeidskraft og mykje pengar å produsere mat. Det trengst til dømes i overkant av 15 000 liter vatn for å produsere ein kilo storfekjøtt. Vi bruker pengar på å kjøpe mat, og vi veit at å kaste mat gir ei dårleg kjensle og er bortkasta pengar. Men kvifor kastar mange av oss altfor mykje mat likevel?

Tenk over

Kvifor trur du det er slik at vi forbrukarar ikkje er flinke nok til å ete opp maten vi kjøper?

Kva tenkjer du om at kvar åttande berepose med mat som vi kjøper, går rett i søpla igjen?

Matsvinn er all maten vi kastar før han blir dårleg, eller mat som ikkje er heilt fersk lenger. Eit av FNs berekraftsmål er at me skal halvere matsvinnet vårt innan 2030. Dette fortel Ingrid Vik Lysne meir om i videoen under.

Cirka ein tredel av all mat som blir produsert på verdsbasis til humant konsum, blir kasta eller går til spille. Dette utgjer omtrent heile 1,3 milliardar tonn mat i søpla i året.

I Noreg er det vi forbrukarar som kastar mest mat. Over 60 prosent av matsvinnet kjem frå forbrukarleddet. Det resterande matsvinnet er frå produksjons- eller butikkleddet. I ein NRK-artikkel ved namn "Det skjulte matsvinnet" kan du lese meir om korleis mykje etande mat blir vraka, dumpa og kasta før han når butikkane. Målet bør vere å redusere svinnet i heile verdikjeda, frå produsent til forbrukar.

Det vi forbrukarar kastar mest av, er middagsrestar. Det går òg svært mykje frukt og grønsaker, brød og bakarvarer i søpla. Vi er rett og slett ikkje flinke nok til å ete opp maten vi kjøper. Det må vi gjere noko med.

I NRK-serien Matsjokket kan vi i ein av episodane sjå at freestylekøyrar Tiril Sjåstad Christiansen får sjokk over kor mange brød som blir kasta.

Å redusere matsvinn er ikkje berre viktig for å redusere klimautslepp, men gjer òg at me kan spare mykje pengar på mat. Influensaren Karen Elene Thorsen, kjend som Fattig Student, jobbar med å finne løysingar for å kaste mindre mat, noko som er bra for både miljøet og lommeboka. Dette kan vi høyre meir om i videoen nedanfor.

Tenk over

Kva tenkjer du om forbruk og kasting av mat etter å ha sett videoane ovanfor?

Vi produserer mykje matavfall kvar einaste dag. Viss vi resirkulerer dette riktig, kan det vere ein veldig nyttig ressurs for oss alle. Kva skjer eigentleg i eit biogassanlegg, og kor langt kan ein bil køyre på berre eitt bananskal?

Kjelde

Matprat. (2019, 24. januar). "Hvorfor er matsvinnet et problem?" Henta frå https://www.matprat.no/artikler/matsvinn/hvorfor-er-matsvinn-et-problem/

Relatert innhald

Kvar dag blir det kasta meir enn 140 000 bananar i Noreg. Bananen har reist langt, og det må vel vere mogleg å kaste færre bananar?

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 02.03.2021

Læringsressursar

Svinn