Hopp til innhald

Fagstoff

Svinn hos leverandørar

Det er viktig å velje riktig leverandør. Riktig leverandør betyr at butikken får rett vare til rett stad og rett pris.
Lastebil fra Asko. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Med leverandør meiner vi ein person eller ei bedrift som leverer ei vare. Ofte er det slik at leverandøren leverer varer til ein detaljhandel, som igjen sel til sluttkunden. I andre tilfelle, som med straum eller kabel-TV, kan det vere at leverandøren leverer direkte til forbrukaren.

Døme på svinn

Leverandørane kan gjere fleire typar feil som gir svinn. Her er nokre av dei:

  • sende faktura med feil pris eller mengd
  • levere ein annan varetype enn den som er bestilt
  • levere varer som ikkje stemmer med bestillinga når det gjeld mengd og kvalitet
  • levere varer som er gått ut på dato eller snart går ut på dato
  • bruke uærlege sjåførar som stel varer på køyrerutene

Tiltak mot svinn

Bedriftene bør derfor setje inn tiltak mot leverandørane for å førebyggje svinn. Aktuelle tiltak er å

  • sjekke referansen til leverandøren, det vil seie høyre med andre kundar om dei er fornøgde, før ein vel leverandør
  • sjekke om leverandøren har etiske retningslinjer
  • etablere gode relasjonar med leverandørane og opparbeide gjensidig tillit
CC BY-SASkrive av Monica Gjertsen Steinbakken. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 24.02.2021

Læringsressursar

Svinn