Hopp til innhald
Oppgåve

Svinn i praksisbedrifta

Svinn er tap av ressursar, og svinn fører dermed til dårlegare lønnsemd for bedrifta. Alle tilsette kan vere med på arbeidet med å minimere svinn. Som praksiselev kan du kanskje bidra med nye innspel på kva som er svinnkjelder i praksisbedrifta.

Oppgåve

  1. Innleiing: Fortel om praksisbedrifta.

  2. Innhald: Kva er svinn og svinnkjelder? Bruk illustrasjonen "Svinnhjulet" til å fortelje om aktuelle svinnkjelder i praksisbedrifta di. Dersom de har personalrom eller kantine, må du òg vurdere om matsvinn kan vere eit problem.

  3. Svinn og berekraft: Kvifor er det viktig at alle bedrifter vurderer svinnkjeldene sine?

  4. Tiltak mot svinn: Kva tiltak mot svinn i praksisbedrifta vil du foreslå?

  5. Avslutning: Summer opp kva svinnkjelder praksisbedrifta har, og kva tiltak du foreslår mot svinn.

Tips til lærar

Oppgåva kan løysast skriftleg som ein rapport eller som ei munnleg framføring.