Hopp til innhald

Fagstoff

Førebygging av matsvinn

Matsvinn betyr tap av verdiar for heile verdikjeda i matindustrien, daglegvarehandelen, hotell-, kantine- og restaurantbransjen. I tillegg utgjer matsvinn både eit ressursproblem og eit klima- og miljøproblem. Korleis kan vi førebyggje dette svinnet for å sikre berekraft i verdikjeda?

Bransjeavtalen om reduksjon av matsvinn

I filmen ovanfor høyrer vi mellom anna om korleis frukt og grønt sine skjønnheitskrav kan føra til matsvinn.

I juni 2017 inngjekk tolv norske bransjeorganisasjonar ein bransjeavtale om reduksjon av matsvinn. 103 bedrifter frå matindustrien, daglegvarehandelen og serveringsbransjen og dessutan fem statlege departement signerte avtalen. Målet med avtalen er å halvere matsvinnet i Noreg innan 2030, i tråd med FNs berekraftsmål 12.3.

Partane skal kartleggje og rapportere om matsvinnet, dei skal treffe tiltak for å redusere svinnet i eiga bedrift, og dei skal samarbeide med andre bedrifter på tvers av verdikjeder.

Ifølgje avtalen skal bedriftene òg leggje til rette for og bidra til at forbrukarane kastar mindre mat.

Kva for konkrete tiltak har så bedriftene som er med i avtalen, gjort for å få bukt med matsvinnet? La oss sjå på nokre døme.

Dømet Tine

For Tine kan svinn oppstå gjennom heile verdikjeda – frå mjølka blir henta på garden, til det ferdige produktet er levert i butikken.

Det er ressurskrevjande å produsere mjølk. Det er derfor ikkje særleg berekraftig om mjølka går til spille, til dømes fordi ho går ut på dato. For å unngå det har Tine gjort endringar i verdikjeda som har gjort det mogleg å forlengje haldbarheita på mjølka. Dette har dei fått til gjennom prosjektet "Ferskere melk", som mellom anna har gått ut på å få mjølka raskare levert til butikkane.

Prosjektet "Ferskere melk" har ført til positive resultat i heile verdikjeda, og svinnet har blitt redusert med heile 70 prosent sidan 2016.

Dømet Rema 1000

Rema 1000 ønskjer å vere ein pådrivar i kampen for å redusere matsvinnet. Sjølv jobbar kjeda med å redusere matsvinn i heile verdikjeda si, og dei har som mål å halvere svinnet i eiga verksemd før 2030.

Dette er noko av det Rema 1000 gjer no:

  • Dei forlengjer levetida til varene ved å forbetre varehandteringsrutinane, få plassert varene raskt og sørgje for god rullering og riktige temperaturar på kjøle- og frysediskar.
  • Dei prisar ned varer som nærmar seg utløpsdatoen.
  • Dei donerer mat det går an å ete til velgjerande organisasjonar.
  • Dei donerer noko av matavfallet som kan brukast som dyrefôr, til bønder.
  • Dei tilleggsmerkjer matvarene med haldbarheitsindikatoren Keep-it.
  • Dei sel utsorterte grønsaker.

Dømet Scandic-kjeda

Scandic er den største hotellkjeda i Norden, med rundt 280 hotell i 6 land. I Noreg har kjeda 84 hotell. Sidan Scandic er ei stor kjede som eig varemerket sitt, har dei moglegheit til å forhandle fram gode avtalar med leverandørar i heile verdikjeda.

Scandic er den første hotellkjeda i Noreg som har inngått eit samarbeid med selskapet Matvett.

Tekstsamandrag

Ein tredel av all mat som blir produsert, blir kasta. Det er ikkje berekraftig å kaste mat, verken for lønnsemda i bransjen, miljøet eller samfunnet. Hadde matsvinn vore eit land, ville det ha vore verdas tredje største, målt i klimagassutslepp.

Matvett og Scandic samarbeider i eit pilotprosjekt for å redusere matsvinn. Målet er 30 % reduksjon – ved digital måling og veging av matavfall. På den måten veit dei nøyaktig kva dei kastar, og kva kostnad det har. Det handlar om rutiner og organisering, som til dømes redusert storleik på alle tallerkenar.

Pilotprosjektet har resultert i 60 % redusert matsvinn, noko som tilsvarer cirka 200 000 kroner og 13 tonn CO2.

I tillegg samarbeider Scandic-kjeda med firmaet Too Good To Go for å redusere matsvinnet etter frukostbuffeen på hotella sine. I Too Good To Go-appen kan folk sjekke om det er noko til overs frå buffeen ved det lokale Scandic-hotellet deira. All mat som blir igjen etter frokostbuffeen, kan kjøpast rimeleg og hentast direkte etter at frukostserveringa blir stengd for dagen.

Selskapet Matvett

Matvett er eit selskap som blei starta av ulike næringslivsorganisasjonar med mål om å samarbeide for å redusere matsvinnet i Noreg. Matvett hjelper òg alle aktørane i bransjen i arbeidet med å få ned matsvinnet. I tillegg ønskjer dei å spreie meir kunnskap om matsvinn blant forbrukarane.

Det er NHO Mat og Drikke, Dagligvareleverandørenes forening, Dagligvarehandelens miljøforum, NHO Reiseliv og Virke som saman eig selskapet Matvett.

På nettsida deira finn du masse nyttig informasjon om matsvinn, tips til korleis du kan kaste mindre mat, måltidsplanleggjarar og til og med eit eige "bruk-opp-leksikon".

Les meir om Matvett

matvett.no finn du nyttig informasjon om korleis du kan bidra til å redusere matsvinn.

Matsentralen

Matsentralen er det norske namnet på den internasjonale ideelle organisasjonen FoodBank. Matsentralen samlar inn overskotsmat frå matbransjen for å gi han vidare til menneske i ein vanskeleg situasjon. På denne måten flyttar organisasjonen mat frå der det er for mykje, til dit det er for lite.

Vi menneske som bur her på jorda har eit ansvar for å ta vare på jordas ressursar. I videoen under kan du læra meir om arbeidet til Matsentralen, som samlar inn overskotsmat og gir til dei som har for lite.

Kjelder

Matvett. (u.å.). Bransjeavtale om matsvinn. Henta frå https://www.matvett.no/bransje/aktuelt/bransjeavtale-om-matsvinn

Matvett. (u.å.). Om Matvett. Henta frå https://www.matvett.no/om-matvett

Matvett. (u.å.). Raskere melk fra meieri til butikk gir mindre matsvinn. Henta frå https://www.matvett.no/bransje/suksesshistorier/raskere-melk-fra-meieri-til-butikk-gir-mindre-matsvinn

Rema 1000. (u.å.). Matsvinn. Henta frå https://www.rema.no/ansvar-i-rema-1000/miljo-og-baerekraft/mindre-matsvinn/

Scandic Hotels. (u.å.). Vår matfilosofi. Henta frå https://www.scandichotels.no/restauranter-og-barer/food-philosophy

Tine. (u.å.). Årsrapport 2018. Henta frå https://arsrapport.tine.no/

CC BY-SASkrive av Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 23.05.2023

Læringsressursar

Svinn