Regulering av skilt og dekor i det offentlege rommet
I dag er oppsett av skilt og dekor i det offentlege rommet bestemt av plan- og bygningslova. Lova skal mellom anna sikre universell og estetisk utforming. Under plan- og bygningslova ligg det fleire sektorlover. Desse regulerer kva som kan setjast opp av skilt og dekor:
kulturminnelova
veglova
naturvernlova
Skilt i det offentlege rommet er synleg kommunikasjon, montert eller plassert utandørs. Han kan vere fast, kortvarig eller mogleg å skifte ut.
Fylkeskommunar og dei enkelte kommunane har lokale tilpassingar etter behov, slik at skilt og dekor blir estetisk tilpassa omgivnadene. Det seier seg sjølv at krava til skilt og dekor i nærleiken av ei stavkyrkje krev ei anna tilpassing enn til skilt og dekor i eit bymiljø.
For å kunne regulere skilt og dekor i det offentlege rommet var det behov for eit felles fagspråk og ein standard for kva som ligg i omgrepet skilt. Dette førte til ei standardisering, og i april 2007 gav Standard Norge ut ein ny versjon av NS 3041 Skilting – Veiledning for plassering og detaljer.
I tabellen under finn du ei oversikt over ulike typar skilt. Dei er grupperte etter kva slags innhald dei har, korleis dei er plasserte, og korleis dei er laga. Ved å følge lenkene får du opp eit bilete og ei forklaring.
Bodskap | Verksemdsskilt | Reklameskilt | Tilvisingsskilt |
---|---|---|---|
Plassering | Fasadeskilt | Fasadeskilt | Fasadeskilt |
Utføring | Belyst skilt | Belyst skilt | Belyst skilt |
Andre typar skilt | Lyskasser | Lyskasser | Lyskasser |