Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kven skal ha data om deg?

Vi legg att mykje data om oss sjølve på nettet. Kven bør ha tilgang på desse dataa? Løys oppgåver, og diskuter i klassen.
Ein ung mann og ei en ung dame ser på ein mobil og ler. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Data og dataforvaltarar

Data er informasjon og opplysningar. Data om deg kan vere alder, telefonnummer, kjønn, bustad, karakterar, interesser, søkjelogg og kvar du var hen laurdag kveld klokka 22:30.

Ein dataforvaltar sit på mengder med informasjon om blant anna deg. Ein dataforvaltar kan vere skulen din, Google eller kommunen. Dataforvaltarar nyttar informasjonen om deg og andre til ulike føremål.

Individuell oppgåve

  1. Gjer oppgåva under, og trekk dei ulike dataa til dataforvaltarar du synest kan ha desse opplysningane om deg. Oppgåva har ingen fasit.
  2. Kva opplysningar om deg må ein kombinere for å forstå kven du er? Kvifor akkurat desse? Kva seier kategoriane om kven du eigentleg er?

Gruppearbeid

Samanlikn det de kom fram til i den individuelle oppgåva, og diskuter.

  • Korleis har de kopla ulike opplysningar til ulike kategoriar?
  • Kva er likt, og kva er ulikt?

Køyr ein gjennomgang i plenum eller for læraren.

Løys deretter oppgåvene under i dei same gruppene.

  1. Kva kan dataforvaltarane gjere med dataa om dykk?
    Lagre? Dele? Lage statistikk? Bruke dei i analysar?
  2. Kva bør dei gjere med informasjonen, og kvifor?
  3. Når bør dataforvaltarar få tilgang til denne informasjonen?
    Alltid? I særskilde tilfelle? Når noko uventa har skjedd? Når dei har ein mistanke om at du har gjort noko feil?
  4. Les casen:

    Case

    Trine har nyleg snakka med vennene sine om eit dataspel ho har lyst på. Eit par dagar etter samtalen med vennene ser ho reklame for dataspelet på Facebook-tidslinja si.

Diskuter desse punkta om casen:

  1. Har de opplevd noko liknande?
  2. Er dette problematisk? Kvifor / kvifor ikkje?
CC BY-SASkrive av Lisa Reutter.
Sist fagleg oppdatert 30.09.2020

Læringsressursar

Regelverk for sals- og reiselivsbedrifter