Oppgåve
Handbok om lover og reglar
Reiselivsbedrifta di, Breng Seterlykke, treng vekst, så du ønskjer å utvide sesongane for å få fleire gjestar. Til å hjelpe deg med å bli betre kjend har du nettopp tilsett to populære influensarar. Dei skal hjelpe deg med marknadsføringa på sosiale medium. Men kan dei reglane?
Dei nye medarbeidarane dine skal bu på Breng seter og blogge derifrå gjennom ein vår, sommar og haust. Du er usikker på om dei kjenner til aktuelle lover innanfor sal og marknadsføring, spesielt i sosiale medium. Du bestemmer deg derfor for å lage ei oppslagsbok med dei mest aktuelle lovene og reglane som influensarane må kjenne til.
Oppgåve
Jobb i par.
Set dykk inn i aktuelle lover og reglar for sal og marknadsføring, spesielt med tanke på reklame i sosiale medium.
Lag ei digital handbok, ei oppslagsbok for lover og reglar, som influensarane må forhalde seg til.
Legg gjerne inn bilete og videosnuttar som illustrerer reglane.
Presenter handboka for kvarandre, og fyll ut med meir dersom det er noko de har gløymt å ta med.