Hopp til innhald

Fagstoff

Forbrukartilsynet

Forbrukartilsynet fører tilsyn med at marknadsføring og kontraktsvilkår er i samsvar med marknadsføringslova. I tillegg kan dei mekle i tvistar mellom forbrukarar og næringsdrivande.


Dei skal òg bidra til ei forbrukarvennleg utvikling og fremje tiltak som kan betre stillinga til forbrukarane.

To personar som diskuterer. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Forbrukartilsynet


Forbrukartilsynet er eit offentleg tilsynsorgan. Ut frå omsynet til forbrukarane skal tilsynet passe på at marknadsføring og standard kontraktsvilkår er i samsvar med marknadsføringslova.

Oppgåvene til Forbrukartilsynet

Forbrukartilsynet har ansvaret for all behandling av forbrukarklager, også for meklinga i tvistar mellom forbrukarar og næringsdrivande.

Det er marknadsføringslova som er den viktigaste lova Forbrukartilsynet handhevar. I tillegg handhevar dei ei rekkje andre lover og reglar, mellom anna

Les meir om Forbrukartilsynet

På sida forbrukertilsynet.no kan du lese meir om korleis dei jobbar.

Forbrukartilsynet kontrollerer at reklamar ikkje er i strid med marknadsføringslova eller med reglane for radio- og TV-reklame. Forbrukartilsynet kan

  • gripe inn mot villeiande og urimelege marknadsføringsmetodar
  • forby ulovleg reklame
  • sjå til at standardkontraktar i forbrukarforhold ikkje er urimelege, men klare og balanserte
To jenter ser på TV. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Digitaliseringa gir nye utfordringar

Tida me lever i, har i stor grad endra kvardagen til Forbrukartilsynet. Auka digitalisering byr på utfordringar med meir personretta marknadsføring og større marknadsføringspress. I tillegg har digitaliseringa opna for nye kanalar for kommersiell påverknad.

Utviklinga har ført til at ei av dei overordna oppgåvene til tilsynet i dag er å sikre at den digitale forbrukarkvardagen blir trygg.

Forbrukartilsynet skal, ifølgje tildelingsbrevet frå Barne- og familiedepartementet (2021), prioritere å føre tilsyn med

  1. marknadsføring og avtalevilkår i digitale kanalar, produkt og tenester, slik som sosiale medium og bloggar
  2. marknadsføring retta mot barn og unge som kan bidra til kroppspress
  3. marknadsføring av finansielle tenester med særleg vekt på marknadsføring av forbrukslån
  4. bruk av berekraftspåstandar i marknadsføringa


Tips og klager frå forbrukarar

Forbrukarar kan enkelt sende tips til Forbrukartilsynet via nettsidene deira dersom dei finn feil eller manglar ved produkt, eller dersom dei meiner å ha sett urimeleg marknadsføring og urimelege avtalevilkår.

På nettsidene til Forbrukartilsynet finst det òg eit standardisert klagebrev som forbrukarar kan bruke om dei vil klage på uadressert reklame, spam eller telefonsal.

Tips eller klage

Forbrukertilsynet.no finn du meir informasjon om korleis du som forbrukar kan tipse om eller klage på saker.

Ei dame med eit sint uttrykk held ein telefon til øyret med den eine handa mens ho ser på eit kredittkort som ho held opp framfor seg med den andre handa. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Marknadsrådet

Marknadsrådet er eit statleg forvaltningsorgan som behandlar klager på avgjerder eller vedtak gjorde av Forbrukartilsynet. Dersom du har sendt klage på ei sak til Forbrukartilsynet, og dei vedtek at denne saka ikkje skal prioriterast, kan du klage saka di inn for Marknadsrådet.

Klagesakene Marknadsrådet behandlar, gjeld brot på marknadsføringslova, alkohollova og tobakksskadelova.

Vedtaka Marknadsrådet gjer, er endelege. Det vil seie at det ikkje er mogleg å klage på dei.

Relatert innhald

Angrerettlova seier er at forbrukaren kan oppheve kjøpet innan 14 dagar etter at han gjorde avtalen. Kva er dei viktigaste momenta i angrerettlova?

Kjelder

Forbrukertilsynet. (u.å.). Agenda 2019. https://www.forbrukertilsynet.no/om-forbrukertilsynet/agenda-2019

Forbrukertilsynet. (u.å.). Lover og regler. https://www.forbrukertilsynet.no/lover-og-regler

Barne- og familiedepartementet. (2021). Tildelingsbrev til Forbrukertilsynet. https://www.regjeringen.no/contentassets/929682b98fba4c788b1d65402677560d/tildelingsbrev-til-forbrukertilsynet-2021-sendt-ut-231220.pdf



CC BY-SASkrive av Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 16.02.2021

Læringsressursar

Regelverk for sals- og reiselivsbedrifter