Arbeidsoppdrag
Lag Snapchat-reklame, følg lover og reglar for marknadsføring
I dette arbeidsoppdraget skal de lage reklame på Snapchat. I produksjonen må de følgje lover og normer for marknadsføring. De må òg sørgje for at annonsane blir rett merkte.
I dette gruppeoppdraget skal de produsere reklame på Snapchat, de skal lage reklameannonsar som blir viste mellom såkalla stories i Snapchat. De må følgje lover og etiske retningslinjer for marknadsføring, og det er viktig at reklameannonsane blir rett merkte. Set dykkar først inn i lover og regelverk.
- Sjå videoen over om merking av reklame i sosiale medium.
- Les teksten om lover og reglar i marknadsføring:
Relatert innhald
Fagstoff
Lover og reglar i marknadsføringEin gjennomgang av ein del lovbestemmingar og etiske normer for reklameverksemd.
- Gå saman i grupper på tre. De skal lage Snapchat-annonsar for eit valfritt produkt.
- Hent inspirasjon og studer ulike reklameannonsar på Snapchat. De kan til dømes gå inn på VGs Snapchat-kanal og sjå kva reklamar som er publiserte i dagens utgåve.
- De skal lage ein serie på tre ulike annonsar for det same produktet.
- Bruk Snapchat-formatet til produksjonen.
- Reklameannonsane skal ta i bruk ulike visuelle element (bilete, video, tekst, farge, form). I tillegg kan de bruke ulike rettsklarerte lydkjelder.
- Kven er avsendar? Dette må vere tydeleg i annonsen.
- Bodskapen må kome fram på ein klar og tydeleg måte, og det skal treffe målgruppa.
- I produksjonen må de følgje norske lover og normer for marknadsføring. Det er viktig av Snapchat-annonsane blir rett merkte.
- Presenter Snap-reklamane for resten av klassen. De kan lage ei klassegruppe på Snapchat og publisere annonsane der.