Film og filmklipp
Frå bestilling til leveranse
Har du nokon gong tenkt på kva som skjer når det blir tomt for varer i hyllene i butikken?
Sjå filmen om korleis vareflyten er frå ein detaljist (matvarebutikken) bestiller varer, til dei får det på plass i hyllene igjen.
Kva kan vere årsaka til at du finn tomme hyller i butikken?
Kva ledd kan ha svikta i vareflyten?Kjenner du til nokon tilfelle der butikkane i Noreg har gått tomme for varer, og kva var i så fall årsaka? Eit døme på dette kan du lese i artikkelen Hvorfor ble det smørmangel i Noreg? (landbruk.no). Kan du tenkje deg fleire døme?
I denne interaktive videoen kan du få meir forklaring på arbeidsoperasjonane og og omgrep hos ein dagligvaregrossist.