Samarbeid og makt i daglegvarehandelen
Daglegvarehandelen i Noreg består hovudsakleg av fire aktørar: NorgesGruppen, Coop, Rema 1000 og Bunnpris. I tabellen under ser du ei oversikt over marknadsdelen til dei fire aktørane.
Marknadsdel | |
---|---|
NorgesGruppen | 44,1 % |
Coop | 29,3 % |
Rema 1000 | 23,2 % |
Bunnpris | 3,4 % |
NorgesGruppen er den største av aktørane. Kva butikkar innanfor daglegvarehandelen er ein del av NorgesGruppen?
Set opp ei oversikt over dei ulike Coop-kjedene, og beskriv dei ulike konsepta Coop-kjedene har.
Drøft påstanden: "Det burde ha vore fleire aktørar i daglegvarehandelen i Noreg."
Skriv ned fordelar og ulemper med at det berre er fire aktørar som dominerer daglegvarehandelen i Noreg.
Hval Sjokoladefabrikk produserer sjokolade og andre godsaker, og dei har vunne fleire blindtestar. Dei har kjempa i lang tid for å få innpass i daglegvarebutikkane i Noreg.
Gjer følgjande oppgåver med utgangspunkt i Hval sjokolade:
- Forklar kva som blir meint med distribusjon.
- Korleis distribuerte Hval sjokolade produkta sine då dei starta i 1996?
- Gjer greie for omgrepa "distribusjonsform", "distribusjonsgrad" og "distribusjonskanal". Bruk Hval sjokolade som døme i forklaringa.
Kva skal til for at ein leverandør får innpass hos ei daglegvarekjede? Gjer greie for nokre av utfordringane Hval sjokolade har møtt blant dei store kjedene.
Drøft påstanden: "Hval sjokolade bør slå seg til ro med at det er vanskeleg for dei å få innpass i butikkhyllene hos matvarekjedene."
Gjer greie for makt og avhengigheit i distribusjonssystemet i daglegvarehandelen.