Organisering av daglegvarehandelen
I Noreg er daglegvarehandelen dominert av fire store aktørar:
- Norgesgruppen ASA (KIWI, Meny, Spar/Eurospar, Jacobs, Joker, Nærbutikken, andre i Norgesgruppen)
- Coop Noreg AS (Coop Mega, Obs!, Coop Prix, Coop Marked, Extra, Matkroken, Coop anna daglegvare)
- Rema 1000 Noreg AS (Rema 1000)
I.K. Lykke (Bunnpris, Bunnpris & Gourmet)
Norgesgruppen er den største og hadde i 2020 vel 44 prosent av den totale marknaden. Coop sin marknadsdel var ca. 30 prosent, Rema 1000 hadde ca. 23 prosent, og Bunnpris sin marknadsdel var vel 3 prosent.[1]
Undersøk
Korleis er marknadsdelane til dei ulike aktørane i daglegvarehandelen i dag?
Kva butikkar og kor mange frå kvar kjede finst det i nærmiljøet ditt?
Daglegvarer kjøpte på nett
Koronapandemien har ført til ein eksplosiv auke i mengda daglegvarer vi kjøper på nettet. I tillegg til dei store nettbutikkane Oda.no og Godtlevert.no har dei "vanlege " matbutikkane som Meny, Rema 1000 og Coop lansert heimlevering av matvarer. Coop samarbeider med Posten om dette tilbodet til kundane sine.
Oda.no hadde i 2021 ei omsetning på ca. 2,5 milliard kroner, noko som utgjer om vel 1 prosent av totalomsetninga i daglegvaremarknaden. Oda samarbeider òg med Clas Ohlson, slik at kundane skal kunne få kjøpt alt dei treng både av mat og utstyr.
Godtlevert.no hadde ei omsetning på rundt 700 millionar kroner i 2021.
Vi deler ofte daglegvarebutikkane inn i fire ulike segment, sjølv om somme passar inn i fleire av segmenta:
- lågpris
- supermarknad
- nærbutikk
hypermarknad
Coop har butikkar innanfor alle segmenta, mens Rema 1000 berre er i lågprissegmentet.
Lågprisbutikkane
Lågprisbutikkane er størst innan daglegvarer, med over 60 prosent av marknaden. Rema 1000 er ein av dei store aktørane i lågprissegmentet, i tillegg til Coop Extra, Kiwi og Bunnpris.
Supermarknadene
Supermarknadene er kjenneteikna ved eit større vareutval. Coop Mega, Meny, Spar og Bunnpris & Gourmet er døme på daglegvarebutikkar i supermarknadssegmentet.
Nærbutikkane
Nærbutikkane er små butikkar med nærleik til eit lokalsamfunn. Butikkane er spesielt viktige for distrikta. Dei klarer sjeldan å konkurrere på pris, men er ofte veldig gode på service. Joker, Coop Prix, Coop Marked og Matkroken er døme på daglegvarebutikkar i nærbutikksegmentet.
Hypermarknaden
Ein hypermarknad er kjenneteikna ved at han er stor både i areal og i vareutval. Coop Obs! er den einaste kjeda i hypermarknadssegmentet i Noreg.