Hopp til innhald

Fagstoff

Regjeringa si satsing

Små og mellomstore bedrifter er viktige for norsk sysselsetjing og økonomi. Bedriftene er spreidde over heile landet og har stor betydning for det lokale samfunns- og næringslivet.
Fellesareala på Lagunen Storsenter i Bergen. Vi ser inngangspartiet til ein urmakar, ein optikk butikk og ein olivenbutikk. Fotografi.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Fakta om små og mellomstore bedrifter i Noreg

Definisjonen av små, mellomstore og store bedrifter er som følgjer:

1–20 tilsette: små bedrifter
21–100 tilsette: mellomstore bedrifter
over 100 tilsette: store bedrifter

99 prosent av alle bedriftene i Noreg er anten små eller mellomstore, og dei har samla ei verdiskaping på 700 milliardar i året. Det er nesten halvparten av verdiskapinga i Noreg.

Små og mellomstore bedrifter står for 70 prosent av verdiskapinga i næringslivet, og dei har 47 prosent av dei tilsette i næringslivet. Delen er stigande, for no er to av tre nye jobbar i næringslivet i små eller mellomstore bedrifter.

Ulike kategoriar av små og mellomstore bedrifter

Små og mellomstore bedrifter har ein fordel ved at dei raskare kan omstille seg til nye forretningsmoglegheiter.

Vi kan dele små og mellomstore bedrifter inn i ulike kategoriar avhengig av om dei produserer varer og tenester

  • til den lokale marknaden, som restaurantar og frisørar
  • til andre bedrifter, som underleverandørar til industrien
  • basert på ny teknologi, som innovasjon

Regjeringa si satsing

Regjeringa lanserte i 2019 Småbedriftslivet, ein strategi for små og mellomstore bedrifter. Strategien fokuserer på følgjande område: ein enklare kvardag, betre tilgang til kundar, auka innovasjonsevne og tilgang på kompetanse og kapital.

Ein enklare kvardag

For å gi små og mellomstore bedrifter ein enklare kvardag vil Regjeringa redusere administrative byrder, som krav til rapportering.

Betre tilgang til kundar

Regjeringa vil gi små og mellomstore bedrifter betre tilgang til kundar ved å gjere det enklare å konkurrere om offentlege kontraktar. Dessutan vil dei leggje til rette for at fleire kan starte med eksport.

Auka innovasjonsevne

For å auke innovasjonsevna vil Regjeringa styrkje innovasjon og forsking på næringslivet.

Tilgang på kompetanse og kapital

I tillegg vil Regjeringa styrkje kompetansen i arbeidsstyrken, gi tilgang på arbeidskraft, og leggje til rette for ein velfungerande kapitalmarknad som gir tilgang til kapital.

Les heile strategien

Småbedriftslivet – Strategi for små og mellomstore bedrifter, regjeringen.no

Kjelder


Departementa. (2019). Småbedriftslivet – Strategi for små og mellomstore bedrifter. Henta frå https://www.regjeringen.no/contentassets/007eaec834824ecfa4790df2c1655fbb/smaabedriftslivet-pdf.PDF


Dinbedrift.no. (2020, 14. september). Fakta om små og mellomstore bedrifter (SMB) i Norge. Henta frå https://www.dinbedrift.no/fakta-om-sma-og-mellomstore-bedrifter-i-norge-smb/


NHO. (u.å.). Fakta om små og mellomstore bedrifter (SMB). Henta frå https://www.nho.no/tema/sma-og-mellomstore-bedrifter/artikler/sma-og-mellomstore-bedrifter-smb/


Regjeringa. (2020, 14. januar). Ryggraden i norsk næringsliv. Henta frå https://www.regjeringen.no/no/sub/smabedriftslivet/ryggraden-i-norsk-naringsliv/id2685865/

CC BY-SASkrive av Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 05.03.2021

Læringsressursar

Samarbeidsformer i handelsnæringa